NRK Meny

Langtidsbudsjett helse

Styret i Helse Møre og Romsdal skal tysdag 9. mai behandle langtidsbudsjettet for åra 2018 til 2023. Desse åra er samanfallande med byggeperioden for den nye sjukehuset på Hjelset. Samstundes kjem meldingane om store utbetringsbehov ved sjukehuset i Ålesund. Sist fredag blei det kjent at Helse Møre og Romsdal har eit negativt økonomisk avvik på 27 millionar kroner berre i mars. Styremøtet skal drøfte tiltak for å bøte på dette.