Ein av fem lærarar i den vidaregåande skulen i Møre og Romsdal er utsett for psykisk vald frå elevane.
Det viser ei spørreundersøking som fylkesrevisjonen har gjort.
700 lærarar har vore med i undersøkinga.
Kjell Bjarne Dahl, som er tillitsvalt for 150 lærarar ved Kristiansund vidaregåande skule er ikkje overraska over tala.Han meiner ein viktig årsak er at alle no får plass i vidaregåande- også dei som ikkje er motiverte for skulegang etter ungdomsskulen. Tidlegare tok desse seg arbeid og realiserte seg sjølve på den måten. No opplever dei at vaksne pålegg dei oppgåver og dermed vert det slik at manglande motivasjon kan føre til mobbing av autoritetar, seier Dahl.
Kristiansund videregående skole