Hopp til innhold

No kan du sjekke utslepp frå skip nær deg

No blir det lettare å finne ut kor mykje skipstrafikken nær deg forureinar. Eit nytt verktøy på internett reknar ut kor store klimautslepp det er frå skip i kommunen din akkurat no.

Skipstrafikk i Ålesund. Langevågsbåten og cruiseskipet Rotterdam

Ålesund er ei av dei største cruisehamnene i Noreg. No er det mogleg å sjå kva utslepp både lokaltrafikk og skip som kjem inn frå verdshava legg att i kvar kommune.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

CO₂ i atmosfæren
426,9 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Kvart minutt og slepper skipstrafikken ut enorme mengder klimagassar og anna forureining. Det kan vere CO₂, metan, NOx og svevestøv.

I 2022 blei det, ifølgje Kystverket, frå alle skip i norske havområde sleppt ut nær ein milliard tonn CO₂.

Store tankskip og passasjerskip står for dei største utsleppa. Og ifølgje Statistisk sentralbyrå slepper innanriks sjøfart ut nesten like mykje CO₂ som alle personbilane i heile Noreg.

Før har det vore vanskeleg å vite nett kor mykje skip som går i ditt nærområde faktisk slepp ut, men eit nytt verktøy skal gjere det lettare.

  • Ein måte å få ned utsleppa frå skip er å byte drivstoff. Nokre tek til orde for at cruiseskip skal gå på kjernekraft.

Vil gje betre oversikt

Kystverket har oversikt over alle skipa langs kysten. No kan dei bruke opplysningar om mellom anna fart, posisjon, teknologi og drivstoff til å rekne ut kor store utsleppa frå kvart einskild skip er.

Opplysningane i det nye systemet er tilgjengelege for alle. Om du ser cruiseskip som ligg stille i Geiranger eller du står på jærstrendene og ser eit lasteskip passere, skal du kunne gå inn i systemet å sjå kor omfattande forureininga er.

– Tala er offentleg tilgjengeleg på nettsidene våre, seier klima- og miljørådgjevar Nora Helen Lund Lyngra i Kystverket.

I første omgang er det ikkje mogleg å få tala for kvart enkelt skip, men det er mogleg å få tal på utslepp på kommunenivå og for kva type skip utsleppa kjem frå.

 Klima- og miljørådgjevar Nora Helen Lund Lyngra i Kystverket under presentasjonen av MarU

Nora Helen Lund Lyngra er klima- og miljørådgjevar i Kystverket.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Ei av dei største utfordringane i verda

Verktøyet som viser maritime utslepp har fått namnet MarU. Hovudmålet er få skipstrafikken til å redusere klimautsleppa sine. For å få til dette må kunnskapen om utsleppa betrast.

Global skipsfart står for om lag tre prosent av alle utslepp av klimagassar i verda.

– Ei av dei største utfordringane i verda er korleis vi kan redusere klimautsleppa også til sjøs. Kystverket si rolle er å medverke med kunnskap. Det treng vi om vi skal oppnå klimamåla for sjøfart og fiske, seier kystdirektør Einar Vik Arset.

Les også Ny rapport: Klimamålet er utanfor rekkevidde

Lyshorntunnelen

Einar Vik Arset i Kystverket på talarstolen i samband med 50-års-jubileet til Kystverket.

Lanseringa av MarU skjedde i samband med 50-årsfeiringa til Kystverket i Ålesund.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Tap av natur

I fleire år har Kystverket hatt ein liknande modell ut utsleppstal for havområda. Denne modellen har vore brukt for å lage store, globale analysar, medan den nye er mykje meir presis.

MarU skal brukast både i klimarekneskapane til kommunane og for å kunne planlegge ei berekraftig sjøfart. Kystdirektøren meiner Noreg no har fått eit svært viktig verktøy til dette.

– Klimautfordringar og tap av natur er på dagsorden hos alle. Det må det vere. Då må ein vite kva utgangspunktet er. No får vi eit kvalifisert grunnlag for å kunne redusere utslepp over tid. Det er uhyre viktig i den tida vi står i, seier kystdirektør Einar Vik Arset.