Hopp til innhold

Kjernekraft kan bli redninga for cruisetrafikken

Om 10 år kan store cruiseskip ha kjernefysisk framdrift og null utslepp. – Om vi vil, får vi det til, seier professor.

Hurtigruteskipet Otto Sverdrup ligg til kai i Ålesund. Vi ser baugen på skipet like over ei gangbru. I forgrunnen i biletet, ute av fokus, ser vi nokre julelys. På sidene av skipet er leilegheitsbygg, og bak ser vi snødekte fjell.

ATOMKRAFT: Hurtigruteskipet «Otto Sverdrup» låg til kai i Ålesund sist veke. Nokre år fram i tid kan denne type cruiseskip gå på atomkraft.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Tenk deg at du reiser på cruiseferie mellom verdsdelar eller i norske fjordar med skip som går mykje raskare enn i dag og heilt utan CO2-utslepp.

– Dette er ikkje ein uoppnåeleg visjon, men fullt ut mogleg. Dersom vi vil, får vi det til raskt, seier professor Jan Emblemsvåg ved NTNU i Ålesund.

Jan Emblemsvåg sit ved ei datamaskin på eit bord med ein tv-skjerm på veggen bak seg i møterommet. Han har briller og kort hår, men er ute av fokus. Fokuset ligg på presentasjonen han har bak seg -- ein illustrasjon av akterenden på eit skip der der skal plasserast ein atomreaktor.

FORSKAR: Professor Jan Emblemsvåg ved NTNU meiner reaktordrivne skip er vegen å gå for å få utsleppsfri skipsfart.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Cruisebransjen jobbar med utsleppsfrie løysingar basert på straum, hydrogen, ammoniakk og metanol, men er framleis langt unna ei løysing. Difor blir det no peika på kjernekraft.

Turistar seier nei

I Ålesund sentrum er fleire cruiseturistar NRK pratar med skeptiske til å gå ombord i eit skip som går på atomkraft.

Ines Steen frå Berlin har dei siste dagane vore om bord Hurtigruten Expeditions' «Otto Sverdrup».

Ho har ikkje trua på kjernekraft.

Eg vil ikkje kjenne meg komfortabel fordi atomteknologien framleis verkar litt farleg. Nei, eg ville ikkje ha teke eit slikt skip.

Cruisepassasjer

VIL IKKJE: Ines Steen frå Berlin vil ikkje feriere på cruiseskip som går på atomkraft. Ho har dei siste dagane vore passasjer på cruiseskipet «Otto Sverdrup og gjekk på land i Ålesund.

Foto: Josef Benoni Tveit / NRK

– Ikkje fare for atomulykke

Emblemsvåg forsikrar at dei nye reaktorane ikkje kan samanliknast med den som smelta ned i Tsjernobyl, eller dei som blir brukte på dagens atomdrivne isbrytarar, ubåtar og hangarskip.

– Vi ser på saltsmelte- eller blyreaktorar som ikkje kan gå i lufta eller smelte, seier han.

Nyleg fekk han ti millionar kroner frå Noregs forskingsråd til sitt atomprosjekt Nuclear Propulsion of Merchant Ships. Emblemsvåg jaktar på den best eigna atomreaktoren for skip.

I første omgang er dei små SMR-reaktorane aktuelle på store frakteskip. I neste fase er det cruiseskipa sin tur.

Thorium-basert saltsmeltereaktor, type Mini-Fuji

REAKTOR. Ein thorium-basert saltsmeltereaktor av denne type kan vere aktuell i cruiseskip.

Foto: K. Furukawa/H. Numata / Electrochemistry

Emblemsvåg meiner det innan ti år er mogleg å få cruiseskip over på reaktorteknologi.

– Med kjernefysisk drift vil cruiseskip lett gå inn og ut av norske fjordar utan noko utslepp. Skipa kan også gå raskare enn i dag fordi dei får langt meir energi, seier Emblemsvåg.

Inga godkjenningsordning

I dag finst det ikkje konsesjonsprosessar eller statlege aktørar som kan godkjenne norske kjernekraftverk. Det må på plass før bruk av kjernekraft i Noreg eventuelt kan godkjennast.

Haldningane til norsk kjernekraft har endra seg kraftig den siste tida. For nokre år sidan var det nærast unison motstand mot kjernekraft i Noreg.

I dag meiner fleirtalet av norske menn at vi bør satse på kjernekraft for å løyse energikrisa.

Til samanlikning er motstanden mot kjernekraft lågare enn motstanden mot vindkraft på land.

Vil legge beslag på Europa sin straumproduksjon

Skal skipstrafikken bli utsleppsfri, vil vi kanskje vere avhengig av reaktorteknologi. For det vil gå med enorme mengder energi for å få skipstrafikken klimavenleg.

Kvar av dei 580 største containerskipa i verda brukar mellom 250 og 350 tonn tungolje dagleg.

Omgjort til straum svarar til det nær halvparten av Europa sin årlege elektrisitetsproduksjon.

I tillegg kjem store tankskip, tørrbulkskip, cruiseskip og mange fleire.

Ser vi på det globale forbruket av tungolje, vil ei konvertering til grøn ammoniakk krevje det doble av heile EU sin totale elektrisitetsproduksjon.

Dette går ikkje i hop og seier litt om kvifor vi er avhengige av reaktordrift, seier Emblemsvåg.

Containerskip brenner ved havn i Hamburg i 2016

MILJØSVIN: Omgjort til straum vil dei 580 største containerskipa i verda legge beslag på nesten halvparten av Europa sin årlege elektrisitetsproduksjon. Det var brann på skipet då det låg til kai i Hamburg i 2016.

Foto: Daniel Bockwoldt

Usikker på den nye teknologien

Ole C. Reistad er leiar ved avdeling for Miljøtryggleik og strålevern ved Institutt for energiteknikk.

Han deler ikkje entusiasmen til Emblemsvåg.

– Det er ein rein hypotese frå Emblemsvåg at ein ny atomteknologi, som ikkje ein gong har gått gjennom langsiktige utprøvingar, blir mindre omstridd, seier Reistad.

– Men Emblemsvåg hevdar den nye teknologoen vil vere mykje tryggare, og at det vil vere umogleg at desse reaktorane smeltar ned eller eksploderer. Trur du ikkje noko på det?

– Det står att å sjå. Det er eit godt stykke fram før denne teknologien kan vere veldig god på skip.

Reistad meiner ein heller må satse på eksisterande atomteknologi i skip og at det likevel kan bli godteke på skip på grunn av energikrisa.

Ole C. Reistad.

USIKKER: Leiar ved avdeling for miljøtryggleik og strålevern ved Institutt for energiteknikk, Ole C. Reistad, meiner det er negative haldningar til atomkraft på sivile skip som er utfordringa. Ikkje dei tekniske løysingane.

Foto: Pressefoto

– Kan vere framtida i Flåm

Assisterande hamnesjef Jon-Olav Stedje i Flåm i Sogn meiner atomkraft på cruiseskip er ein spanande tanke.

– Dette kan vere framtida, seier han.

Flåm og verdsarvfjorden Nærøyfjorden er ein av Noregs største cruisedestinasjonar, men frå 2026 kan det vere slutt. Reglane om nullutslepp frå cruiseskip i verdsarvfjordar frå 2026 gjer at både Flåm og Geiranger risikerer kollaps i turistrafikken.

– På kort sikt må regelverket mjukast opp for at cruisetrafikken i Flåm og Geiranger skal ha ei framtid. På lenger sikt kan reaktordrivne cruiseskip vere løysinga, seier han.

Hamnesjef Jon-Olav Stedje

POSITIV: Assisterande hamnesjef Jon-Olav Stedje i Flåm meiner ei framtid med atomdrivne cruiseskip heilt utan CO2-utslepp verkar spanande.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Eit politisk spørsmål

Også Rolf Sandvik i Northern Explorer trur kjernekraft kan vere vegen å gå. Selskapet gjekk nyleg inn ein intensjonsavtale om bygging av fleire små ekspedisjonscruiseskip.

– Batteri og hydrogen er definitivt ikkje dei endelege svara. Reaktordrivne skip kan vere det, seier Sandvik, som er tidlegare skipper på store cruiseskip.

Rolf Sandvik

INTERESSERT: Administrerande direktør Rolf Sandvik i Northern Explorer drøymer om at eit av skipa hans skal gå på atomkraft i framtida.

Foto: Bård Siem / NRK

Skal kjernekraft på sivile skip bli ein realitet, må politikarane overtydast om at dette er vegen å gå. Ein av dei er energiminister Terje Aasland (Ap).

– Kjernekraft har ei rekkje krevjande sider knytt til kostnader, tryggleik og ikkje minst når det gjeld oppbevaring av avfall. Vår vurdering er at kjernekraft ikkje er ei aktuell problemstilling i Noreg, sa Aasland til VG i september.

.

Terje Aasland

NEGATIV: Energiminister Terje Aasland (Ap) seier kjernekraft i Noreg per i dag er uaktuelt.

Foto: Lise Åserud