Hopp til innhold

Tolv kyr stod fast i havet i tolv timar

Det blei ein dramatisk redningsaksjon for tolv kyr som hadde villa seg ut på ein holme i Hustadvika.

Kyr på holme

KYR FAST PÅ HOLME: Kyrne til Jan Ståle Haugenes vart skremt til sjøs og stod fast på ein holme i Hustadvika.

Foto: Laila Strand

Klokka var rundt 17.00 då bonde Jan Ståle Haugnes fekk telefon frå nokon som hadde sett at kyrne hans stod ute på havet.

Då han kom ut såg han dyra, som stod med vatn til knea ute på eit skjær på havet.

– Det såg ut som dei stod berre i vatn.

Kyr på holme

Brannvesenet og Norsk Folkehjelp hjelpte bonden med å redde kyrne onsdag kveld.

Foto: Laila Strand

Ureint farvatn

Det byrja å blåse opp, og Hustadvika er kjent for å vere vêrhardt.

– Det bles kuling og var dramatisk. Vi prøvde å presse dei på vatnet med vasskuterar for å få dei til å symje.

Men dei lykkast ikkje. Kyrne turte ikkje å legge på svøm. Til slutt fekk dei lagt tau om eine kua.

– Vi jaga ho på vatnet og drog ho med vasskuteren. Så fekk vi over ei til, og då skjønte dei ti andre at det gjekk an. Dei la på svøm, men det var sterk straum som drog dei utover. Vi pressa dei med båt og skuter så dei kom seg på land og ikkje for til havs.

Lang redningsaksjon

Jan Ståle Haugnes seier det var vondt å sjå dyra slite.

– Når det stod på som verst slo sjøen over dyra. Det var ikkje noko særleg. Det var hjelpelaust når dei stod midt ut i fjorden.

Kyrne hadde vore observert også tidlegare på dagen, og han reknar med at dei har stått ute på skjæret i nærare tolv timar då alle endeleg var redda på land klokka 23.00.

Kyr på holme

Kyrne kom seg til slutt på trygg grunn igjen.

Foto: Laila Strand

Haugnes trur dyra må ha vorte jaga av ein laus hund. Beitet til kyrne går ned i havet, men på 30 år har bonden aldri opplevd at dyra sym på havet.

Bonden seier kyrne har det bra no, og at dei kom frå det heile med berre nokre skrubbsår.

– Det var mykje opp og ned frå berget for å få dei frå vatnet, så eg syns det gjekk utruleg bra etter forholda.