Arbeider med løysing
Prost for Søre Sunnmøre prosti, Evy Kvamsdal, stadfestar at partane arbeider med å finne ei løysing, men førebels er det uvisst kva det inneber.
– Vi prøver å finne ei løysing som kan ivareta kapellanen sin integritet på ein forsvarleg måte, men som også kan imøtekome det behovet som bygda har, seier Kvamsdal.
Rosemarie Köhn (Foto: Scanpix)
Sterke reaksjonar
Og det er nok omsynet til bygda som tel tungt for prost Evy Kvamsdal. Dei siste dagane har vore prega av sterke reaksjonar. Folk i kyrkjelyden har levert tilbake biblar som dei har fått, og det er starta underskriftskampanje for at Hamar-biskop Rosemarie Köhn skal få halde preike i samband med Hareidstemna.
Odd Bondevik (Foto: Scanpix)
– Må respektere upopulære standpunkt
I Kveldsnytt i går kveld sa Møre-biskop Odd Bondevik at også han har kontakt med partane, men han vil ikkje legge press på kappellan Michal Møgster. Biskopen trur det er viktig å respektere folk sjølv om dei kan ha ei upopulær oppfatning.
– Eg synest det er flott at nokon tør å stå for ting som ikkje dei fleste synest, seier Bondevik.
Michal Møgster (Foto: NRK)
Uvisst utfall
Kapellanen har fått markert synet sitt. No vert det forhandla om ei løysing, men om dette inneber at Köhn får halde preika, kan ikkje prost Kvamsdal seie noko om førebels.
– Eg kan ikkje gå nærare inn på detaljane i dette, seier Kvamsdal.
Heller ikkje kapellan Michal Møgster vil svare på det enno.
– Det har eg ingen kommentar til, seier kapellan Møgster.