Hopp til innhold

Kvinne sakna sidan i fjor – vil ha tips om observasjonar

Politiet i Rauma skal vurdere om dei skal sette i verk nye søk etter ei spansk kvinne i løpet av våren/sommaren.

Kvinna i 70-åra blei meldt sakna i fjor sommar. I oktober 2023 blei det sett i gang søk etter kvinna i Rauma etter ønske frå spansk politi.

Politiet i Møre og Romsdal har fått opplysningar om at ho hadde planar om å gå den populære turen over Romsdalseggen i Rauma. Politiet har ikkje lenger håp om å finne kvinna i live.

Roar Mordal Hilde, politistasjonssjef i Rauma og Vestnes, seier dei framleis ventar på at snøen skal smelte før det kan bli aktuelt å gjere nye søk.

– Vi må vente til vinteren slepp taket og så får vi sjå om det er område som vi er meir nysgjerrige i.

Likevel er Romsdalseggen eit stort område, noko som gjer søk vanskelegare. Hilde vektlegg at det framover vil bli fleire turgåarar som går på den populære fjellturen, og at dei ber om tips dersom nokon ser noko som kan vere av interesse.

– I fjor fekk vi inn meldingar om ein sekk og klede. desse blei sjekka ut, men alle slike ting er interessante. Det har tidlegare kome inn tips om samlingar av fuglar i enkelte område. Det kan ha heilt naturlege forklaringar, men meldt det inn, seier politistasjonssjefen.

Roar Mordal Hilde, politistasjonssjef i Rauma og Vestnes.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK