Hopp til innhold

Politiet avsluttar søk etter den sakna spanske kvinna

På grunn av dårleg vêr og mykje snø avsluttar politiet søket etter ei 75 år gamal spansk kvinne i området rundt Romsdalseggen. Kvinna er ikkje sett sidan 6. juli.

Leiteaksjon etter spansk kvinne som forsvann i Åndalsnes

SØK: Onsdag var politi og anna mannskap på veg opp til Nesaksla i Rauma for å starte søka etter den spanske kvinna.

Foto: Arnt Morten Olsen

På grunn av dårleg vêr avrunda politiet fort søk med helikopter rundt Høgaksla/Mjølvafjellet etter den sakna kvinna torsdag.

– Det er ikkje teikn til betring i morgon, så vi vurderer at vi ikkje skal fortsette søket no, Anders Skorpen-Trøen i Møre og Romsdal politidistrikt.

Mykje snø på fjellet er òg med på å gjere leitearbeidet vanskeleg. Skorpen-Tøren fortel at dei skal vurdere om dei skal fortsette søket seinare i år eller neste år.

– Dersom det ikkje blir ein periode med mildvêr, søkjer vi ikkje meir i år, seier han.

Politiet har ein del bilde frå både helikopter og drone. Skorpen-Tøren fortel at dei no skal analysere bilda, og at dersom dei finn noko, kan nytt søk bli aktuelt.

Politiet leitar etter forsvunnen spansk kvinne på Nesaksla og Romsdalseggen. Dei brukar drone i søket

Politiet tok bilete med drone i søket etter den forsvunne kvinna.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Funne ein sekk

Politiet leita onsdag med hund, drone og mannskap i området Nesaksla – Romsdalseggen.

Torsdag morgon bekreftar politiinspektør Anders Skorpen-Trøen at dei har fått meldingar frå fleire som har observert kvinna på Nesaksla den aktuelle datoen.

– På bakgrunn av dei opplysningane har vi for det fyrste fått bekrefta at kvinna var på Romsdalseggen, og for det andre fått eit avgrensa søksområde.

Nesaksla oktober 2023. Politiet leitar no etter ei spansk kvinne som er sakna

Den 75 år gamle kvinna var på noregsferie åleine.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Politiet fekk i går overlevert ein sekk som vart funne på fjellet i sommar.

– Den har innhald som taler for at ein spansk person har eid sekken, seier han.

Dei fortsette søket på same måte som onsdag, med drone, hund og mannskap.

– Vi har ingen grunn til å tru at det har skjedd noko anna enn ei ulykke, seier Skorpen-Trøen.

Åndalsnes avis omtalte først dei nye opplysningane om søksområde og helikopter.

Blei kontakta i juli

Spanske styresmakter kontakta politiet i slutten av juli om den sakna kvinna.

– Vi har gjort ein del undersøkingar, både vi og spansk politi, for å finne spor på kor ho hadde vore. Den siste sikre plassen vi veit ho har vore er på eit hotell i Åndalsnes, og så er det opplysningar som tydar på at ho hadde planar om å gå Romsdalseggen, sa Skorpen-Trøen onsdag.

Det er først i det siste at dei fekk opplysningar om at ho hadde planar om å gå den populære turen over Romsdalseggen, fortel politiinspektøren.

No gjer politiet undersøkingar for å finne ut om ho har gått fjellturen, og om ho har vore utsett for ei ulukke.

Anders Skorpen-Trøen står utenfor politistasjonen i Molde. Han har på seg politiuniform, og ser alvorlig inn i kamera.

Anders Skorpen-Trøen i Møre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Roar Strøm / NRK

Høyrer med publikum

Ifølge opplysningane til politiet skal kvinna ha vore aleine på noregsferie.

– Vi går ut for å undersøke med publikum om nokon kan ha sett ho, og som kan bekrefte eller avkrefte om ho har gått turen – og som kan hjelpe oss å vite kor vi skal leite, seier Skorpen-Trøen.

Kvinna er 75 år, truleg kledd med skaut på hovudet og med vandrestav, opplyser politiet.

Kvinna skal ha hatt planar om å gå Romsdalseggen i sommar.