Hopp til innhold

Spansk kvinne (75) er framleis sakna i Rauma – politiet etterforskar vidare

Politiet etterforskar framleis for å finne ut kva som har skjedd med ei sakna spansk kvinne i Rauma. Dei har ikkje håp om å finne kvinna i live.

Nesaksla, Romsdalseggen

NESAKSLA: Politiet har tidlegare fått meldingar frå fleire som har observert kvinna på Nesaksla i juli.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Kvinna har vore sakna sidan i sommar, så vi har definert dette som at vi leiter etter ei antatt omkomen kvinne, seier Roar Mordal Hilde, politistasjonssjef i Rauma og Vestnes.

I oktober blei det sett i gang søk etter kvinna etter ønske frå spansk politi.

Den 75 år gamal kvinne frå Spania blei sist sett i juli. Politiet i Møre og Romsdal har fått opplysningar om at ho hadde planar om å gå den populære turen over Romsdalseggen i Rauma.

Politiet har per no ingen mistanke om at kvinna har blitt utsett for noko kriminelt.

Snø gjer nye søk vanskeleg

Det har mellom anna blitt søkt med hund, drone og mannskap i området Nesaksla – Romsdalseggen.

Dei siste vekene har det kome snø oppe på fjellet i Rauma. Vêrforholda gjer det dermed vanskeleg å gjennomføre nye fysiske søk i området.

Roar Mordal Hilde

Roar Mordal Hilde, politistasjonssjef i Rauma og Vestnes, seier dei jobbar vidare med etterforskinga av ei sakna spansk kvinne. Dei skal no gå gjennom bildemateriale frå fjellområdet.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Det byrjar å bli for mykje snø i området til å gjennomføre aktive søk. Då dekker snøen alle spor og vi må vente til den smeltar igjen til våren neste år, seier Hilde.

Men sjølv om vi ikkje er ute og søker, så jobbar vi framleis med saka, vektlegg han.

Hilde utelukkar ikkje at det kan kome mildvêr som gjer det mogleg å gjennomføre nye søk.

– Vi vil ta den moglegheita om den kjem, men slik som det ser ut no, så er det vanskeleg å søke i fjellet.

Les også Politiet avsluttar søk etter den sakna spanske kvinna

Leiteaksjon etter spansk kvinne som forsvann i Åndalsnes

Gjorde funn av ein person

Ei tysk kvinne har også vore sakna i same området. Fredag fann politiet ein død person, som dei meiner er denne kvinna.

Dette har gitt politiet ein del informasjon om området, blant anna frå dei som har vore ute og leita i terrenget.

– I samband med søket etter den tyske kvinna har vi også leita etter den spanske kvinna. Vi vil no samanfatte informasjonen frå søka og vurdere kva vi gjer vidare. Vi har også ein del bildemateriale frå helikopter og dronar som vi må analysere nærmare, seier Hilde.

Les også Savnet kvinne trolig funnet død i Romsdalseggen

Politihelikopter leiter etter sakna tysk kvinne ved Romsdalseggen i Rauma

Ber framleis om tips

Politistasjonssjefen seier at dei framleis ønskjer tips dersom nokon kan ha sett kvinna eller har tips i saka.

– Vi ber om at folk som trur dei har informasjon tek kontakt. Det gir oss ein betre definisjon av kva område vi skal leite i, seier Hilde.

Les også Spansk kvinne sakna i tre månader før søket starta: Dette veit vi

Politi på Nesaksla