Kvinne mistenkt for ruskøyring

I femtida i natt fekk politiet melding om eit køyretøy av vegen i Eide. Føraren var åleine, verka uskadd, og blei køyrt til legevakta for sjekk. Politiet mistenker køyring i berusa tilstand og melder føraren.