Støylane barnehage skal som den andre barnehagen i fylket vere kveldsopen. Tidlegare i år fekk Stenrud gård familiebarnehage i Molde løyve til å halde ope om kvelden.
Aukande behov
Stig Rusten
- Eit gledeleg svar på eit aukande behov, seier Stig Rusten, leiar i Aleneforeldreforeningen. - Det tradisjonelle barnehagetilbodet er for gammaldags. Arbeidslivet krev i stadig større grad at folk er på arbeid utanom normal arbeidstid. Mange foreldre, særleg åleineforeldre, blir dermed sette utanfor arbeidslivet eller må skifte arbeid, seier Rusten.
Foreldreønske
Støylane barnehage søkte om utvida opningstid til klokka 20 etter spørsmål frå foreldra, seier styrar Gry Nordal. Mange må arbeide om kvelden, det gjeld til dømes folk i omsorgsyrke, butikktilsette og verftsarbeidarar.