Hopp til innhold
Quiz

Kva veit du om politiske parti i Norge?

Nokre parti har eksistert i over 130 år. Andre vart døgnfluger. I denne quizen kan du sjekke kva du veit om noverande og tidlegare parti i Norge.

Venstres landsmøte 2019 er i gang.

GAMMALT PARTI: Trine Skei Grande er i dag leiar for Venstre, eit av dei eldste partia i Norge. Men er dei aller eldst? Det og mykje anna kan du teste i denne quizen.

Foto: Ned Alley / NTB scanpix

1/12 Kven var først?

Johan Sverdrup
Foto: H. P. Hansen / NPK

Kva er landets eldste parti?

2/12 Største parti lenge

Arbeiderpartiet Youngstorget
Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Når skjedde det sist at Arbeidarpartiet ikkje var største parti ved eit stortingsval?

3/12 Bastesen

Steinar Bastesen
Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

Kva heiter partiet Steinar Bastesen representerte på Stortinget mellom 1999 og 2005?

4/12 Senterpartiet

Trygve Slagsvold Vedum, leiar for Senterpartiet
Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Det noverande Senterpartiet var i mange tiår kjent under eit anna namn. Kva namn?

5/12 På tinget

Mange parti har prøvd å kome inn på Stortinget, men aldri klart det. Av dei fire nedlagde partia under klarte berre eitt å kome inn. Klarer du å tippe kva parti?

6/12 Anders Langes parti til....

Anders Lange under valgkampen i 1973
Foto: SCANPIX

I 1973 stifta Anders Lange partiet Anders Langes Parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep og kom inn på Stortinget med fire representantar. Men under kva namn er dette partiet kjent som i dag?

7/12 AKP (m-l)

AKP (m-l)

AKP (m-l), som er ei forkorting for Arbeidaranes kommunistparti (marxist-leninistane), stilte rett nok aldri til val under eige namn, men eksisterte som parti mellom 1973 og 2007. I 2007 gjekk dei inn i eit nytt parti, som i dag er representert på Stortinget. Kva parti snakkar vi om?

8/12 Kven er framleis med?

Tre av partia under er nedlagde, medan eitt eksisterer framleis. Klarer du å tippe kva parti som framleis er med?

9/12 På topp

KRF MOETE
Foto: PER LØCHEN / NTB scanpix

Kristeleg Folkeparti vart stifta i 1933. Kva år gjorde dei sitt beste stortingsval?

10/12 Hanna Kvanmo

Hanna Kvanmo

Hanne Kvanmo vart rekna som ein folkekjær politikar, sjølv om ho vart dømt for landssvik etter krigen. Kva parti var Kvanmo parlamentarisk leiar for mellom 1977 og 1989?

11/12 Eit litt annleis parti

Atle Antonsen og Johan Golden
Foto: Berit Roald / SCANPIX

I 2000 stifta Atle Antonsen og Johan Golden eit heilt nytt parti. Partiet kom rett nok ikkje inn på Stortinget, men nesten 20.000 røyster og 0,8 prosent oppslutning nasjonalt var uansett ikkje så verst. Kva heitte dette partiet?

12/12 Aune-lista

Anders Aune
Foto: Jakob Arvola / NRK

Ei liste som populært vart kalla Aune-lista stilte til val i 1989 og kom inn på Stortinget med éin representant, nemleg Anders Aune. Men i kva fylke stilte denne lista?

Ditt resultat

Du må svare på alle spørsmålene først.