Hopp til innhold

Kva synest turistane?

Marmor-ormen ved Atlanterhavsvegen var omstridd før den kom. No har den vore på plass ein månad, så kva synest eigentleg turistane om kunsten?

Marmorormen ved Atlanterhavsveien ligger som ekstra turistmagnet. Men hva synes turistene?

OMSTRIDD: Den 35 tonn tunge og 90 meter lange marmor-ormen ved Atlanterhavsvegen har vore omstridd, men kva tenker eigentleg turistane om den?

Marmor-ormen ved Atlanterhavsvegen er 35 tonn tung og 90 meter lang. Den ligg ytst i havgapet, som ein ekstra turistmagnet i eit av landets største turistmål. Foreløpig er det få som stopper for å sjå på ormen, for foreløpig manglar det skilting som kan guide turistane fram til rett plass.

– Det er vanskeleg å sjå kva det er, og eg kjem nok ikkje til å mase på mamma og pappa for at vi skal dra og sjå den, seier Martin Carlsson frå Sverige.

Unødig inngrep

Kanskje er ikkje dette målgruppa nasjonale turistvegar hadde i tankane då dei bestilte kunstverket, men dei har likevel ei meining om kunsten.

– Eg synest naturen er svært vakker slik den er, så det er ikkje nødvendig å sette ut noko menneskeskapt. Eg kjem nok ikkje til å dra for å sjå på den fortel Annalisa Lanza frå Italia.

Forsiktige tilbakemeldingar

Rett skal vere rett, nokre har vore innom ormen. Og medan lokalbefolkninga har vore krass i kritikken av kunstverket, har turistane gitt litt forsiktigare tilbakemeldingar.

– Dei kjem ikkje med så mange meiningar om den. Kanskje smiler dei berre og seier at dei har no vore der, fortel kafearbeidar ved Atlanterhavsvegen, Lina Bolli Aarskog.