Hopp til innhold

Kursar asylsøkjarar i norske reglar

I Ulsteinvik blir det halde kurs for asylantane om barnevern og lover og reglar i Noreg.

Asylsøkjarar på kurs i Ulsteinvik

Asylsøkjarar i Ulsteinvik blir kursa i norske lover og reglar.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Informasjons-, barne- og ungdomsansvarleg ved Søre Sunnmøre asylmottak i Ulsteinvik, Iselin Eliassen Aske, seier dette er ei svært viktig opplæring.

- Det er fordi dei kjem frå andre land, med heilt andre lovverk. Når dei då kjem til Noreg er dei pålagde å følgje norske lover. Dette er for å førebyggje at dei gjer noko kriminelt, anten dei veit om det eller ikkje, seier ho.
Kurset skal innehalde forskjellige tema for å hjelpe asylsøkjarane å bli klare for det norske samfunnet, seier ho.

- Det blir litt om norske lover og reglar, og litt om statsmakta. Vi ser også på korleis ein domstol fungerer, og straffeutmålingar og den typen ting, fortel Aske.

Frå Russland til Ulsteinvik

Oksana Sadjuk

Oksana Sadjuk kom til Noreg frå Russland for tre år sidan. UDI plasserte Oksana og mannen i Ulsteinvik.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Russiske Oksana er 34 og har budd i Ulsteinvik i 3 år. Ho seier at det er store forskjellar på å bu i St. Petersburg og å bu i Ulsteinvik.

- Nytt land, ny kultur og det er ikkje same språk, trekk ho fram som nokre av skilnadene ho har merkt seg.

Vil du høyre historia om Oksana, kan du trykke her.

Her kan du lese Oksana si historie frå ho kom til Noreg, og Utlendingsdirektoratet avgjorde at ho og mannen skulle bu i Ulsteinvik.

Blir meir budde

Aske kunne trur at asylsøkjarane gjerne kunne vorte meir forberedt på å leve i det norske samfunnet.

- Eg trur ikkje dei blir nok førebudd, men dette kan nok hjelpe dei til å vere meir budde enn dei var i utgangspunktet, seier Aske.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL