Hopp til innhold

Ventar på opphaldsløyve

Søre Sunnmøre har no 150 asylantar av mange ulike nasjonalitetar. Oksana Sjadjuk frå Russland er ein av dei.

Oksana

Oksana Sjadjuk kom til Ulsteinvik for 3 år sidan

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

Russiske Oksana er 34 år og har budd i Ulsteinvik i 3 år. Ho studerte og jobba som barnelege i St. Petersburg. Mannen hennar jobba som politi i Tsjetjenia, men måtte søkje om asyl i Norge, då han fekk problem i heimlandet. Oksana vart med han, til Ulsteinvik.

- UDI bestemte at vi skulle bu i Ulsteinvik, seier Oksana Sadjuk.

Vanskeleg overgang

Den første tida i Ulsteinvik var vanskeleg for Oksana.

- Eg måtte reise frå både vennar og jobb heime. I Noreg har eg fått eit nytt liv, men det var ein vanskeleg overgang, seier ho.

Men ho lengtar ikkje tilbake til Russland.

- Eg vil ikkje tilbake til Russland. Det er mykje tryggare å oppdrage born her i Noreg.

Oksana fortel at det er store skilnadar på å bu i Ulsteinvik og å bu i St. Petersburg i Russland. I Ulsteinvik er det meir stille og roleg.

- Ja, det er store kulturskilnadar. Dessutan er folk i Ulsteinvik svært snille. Dei smilar alltid. I Russland er folk sure, fordi mange har økonomiske problem, seier ho.

Les også:

Opphaldsløyve

I byrjinga var det ikkje så lett å bli kjend med folk for den russiske kvinna. Språket var eit problem. Med god norskopplæring, lærte Oksana fort, og snakkar no svært godt norsk.

- Etter kvart vart det lettare. Når eg lærte meg språket fekk eg fleire vener.

Oksana ventar no på å få opphaldsløyve i Noreg. Ho håper på å få jobbe som lege igjen. I mellom tida fyller ho dagane med mange aktivitetar.

- Vi går på svømming og kino. Om sommaren går eg på turar i fjellet. Asylmottaket arrangerer mange ulike aktivitetar også. Vi har reist til Ålesund, Geiranger og Volda med buss. Det er veldig kjekt.