Målet med den nye måten å gje statlege løyvingar til festivalar på er å jamne ut ulikskapane som oppstod med den gamle knutepunktordninga som blei etablert i 1995 av dåverande kulturminister Åse Kleveland.
Kulturrådet meiner at den gamle knutepunktordninga skapte unødig store forskjellar i tilskotsordningane til festivalar.
– Vi meiner vi har fått til ei meir rettferdig fordeling av tilskota til musikkfestivalar. Det har vore ei krevjande oppgåve. Men vi har fått god hjelp av pengane som kom i budsjettforliket i haust, seier leiar for Musikkutvalet for arrangør og festivalstøtte, Jan Ole Otnæs.
– Kortsiktig
Av tabellane kan det sjå ut som om store festivalar som Festspillene i Bergen, Festspillene i Nordnorge Olavsfestdagene i Trondheim og Moldejazz får svært store kutt frå 2019. Otnes avviser at det ligg så dramatiske omveltingar i det nye systemet.
– Det blir nye rundar med tildelingar kvart år. Det ligg ikkje nokon dramatikk i dette. Eventuelle store kutt skal også varslast i god tid på førehand, seier leiaren i musikkutvalet.
I Moldejazz er leiinga forundra over at dei kun er oppført med ei eittårig støtte. Men dei er klar til å levere inn søknader for 2019 og utover.
– Vi skulle gjerne ha ei meir langsiktig løysing og vonar vi skal sleppe å vente til desember kvart år med å vite kva vi har å rutte med det komande året. Vi skulle gjerne ha hatt ei treårig ordning, seier Hans-Olav Sollie til NRK.
Budsjettforliket
I budsjettforliket mellom regjeringa og partia Venstre og KrF blei løyvingane til Norsk kulturfond auka med 30 millionar kroner. 10 millionar kroner av auken er øyremerka støtteordningar for konsertarrangørar og musikkfestivalar. Den totale ramma for musikkfestivalordninga er no på 147,7 millionar kroner.
– Venstre og KrF har forstått alvoret i situasjonen. Dette er pengar som kjem kulturlivet i heile landet til gode, sa leiar i Norsk kulturråd Tone Hansen då auken blei kjend.
Planlagt over tid
Knutepunktfestivalane blei overført til Kulturrådet i 2016 og rådet fekk dermed i oppdrag å utvikle ei ny finansieringsordning for festivalane. I 2017 fekk festivalane halde fram under knutepunktordninga under føresetnad av at det blei etablert ei ny ordning frå og med 2018.
– Fjerne urettferdige utslag
Ifølgje Kulturrådet førte den gamle knutepunktordninga til unødig store forskjellar i tilskotsnivået til elles samanliknbare musikkfestivalar. Derfor får fleirtalet av dei tidlegare knutepunktfestivalane ein reduksjon i overføringane. Dette fører til at det er frigjort pengar som skal gje eit løft for arrangement som tidlegare sto utanfor ordninga.
Moldejazz er blant festivalane som får reduserte overføringar. I 2017 fekk festivalen rundt 7,1 millionar kroner. I 2018 er dette talet 6,7 millionar. Kulturrådet påpeikar at jazzområdet er ein av sjangrane der forskjellane i tilskotsnivå har vore mest omdiskutert.
I det store og heile er løyvingane til jazz-området auka. Kongsberg jazzfestival har fått ein auke på 800 000 kroner og får 2,4 millionar kroner i 2018, 2,6 millionar i 2019 og 2,8 millionar i 2020. Nattjazz, Vossajazz, Maijazz og jazzfestivalane i Oslo og Trondheim har fått auka løyvingar.
– Nordland får størst auke
Nordland er eitt av fylka som får størst auke i løyvingane, med ein auke på 27 prosent. Nordland musikkfestuke har fått ei auke frå 2,4 millionar kroner til 3,2 millionar i 2019 og 3,2 millionar i 2020. Lofoten internasjonale kammermusikkfestival, Márkomeannu og Bodø Jazz Open, får også auke i åra som kjem.
Østfold, som har fått få løyvingar tidlegare har fått dobla tilskota. Her har for eksempel festivalane Tons of Rock, Månefestivalen, Mozartfestivalen og Egil Hovland-festivalen fått støtte.