Nysnø pynta dei bratte fjella kring Åndalsnes på opningsdagen. Likevel vart dette ein festdag til ære for friluftsliv i bratt fjell.
– Likar de å halde på med aktivitetar ute, spurte kronprins Haakon dei frammøtte. Plassen utanfor Norsk Tindesenter var stappfull av barn og unge og andre frå nærområdet, som ropa eit rungande ja på spørsmålet.
Kronprins Haakon slo fast at bratt friluftsliv er meir populært enn nokon gong. Og norske fjell blir meir og meir kjende i utlandet. Og når stadig fleire går i bratt terreng er fokuset på tryggleik viktigare enn nokon gong før.
– Med stadig fleire i fjellet er det viktig at vi får eit senter som også kan vere eit fagmiljø som fokuserer på tryggleiken, sa kronprinsen.
Norsk Tindesenter er eit majestetisk bygg som reiser seg blant ville fjell midt i Åndalsnes sentrum. Senteret skal gje spreke opplevingar, og inneheld blant anna ein klatrevegg på heile 21 meters høgde. Men senteret inneheld også utstillingar som viser den stolte fjellsporthistoria i området.
– Knapt nokon stad er betre eigna til å ha eit slikt senter, sa kronprins Haakon, som kalla Åndalsnes Noregs Tindehovudstad. Han minte også om Rauma kommune sin visjon om å vere Noregs beste kommune å bu i for naturglade menneske.
Grunnlaget for Norsk Tindesenter blei på mange måtar lagt av klatrepioneren Arne Randers Heen (1905-1991). I store deler av livet sitt samla han inn historisk materiale frå norsk tindesport.
Gjennom Norsk Tindesenter er desse samlingane gjort meir tilgjengelege enn før. Senteret har også teke i bruk moderne formidlingsmåtar, og satsar mykje på aktivitet i klatreveggane.
Ordførar i Rauma, Lars Olav Hustad meiner at Norsk Tindesenter kjem til å bli eit ikon innan naturbasert turisme.
– Vi har alltid hatt fjella. No har vi også fått ein magnet som vil bringe folk til sentrum av kommunen. No skal Rauma utviklast vidare, sa han til jubel frå dei frammøtte.