NRK Meny
Normal

Kronprins Haakon testa bakkane på Strandafjellet

STRANDAFJELLET (NRK): Torsdag formiddag fekk Kronprins Haakon opp farta i bakkane på Stranda skisenter. Ut over dagen skal han gjennomføre fleire bedriftsbesøk og besøke ei yrkesmesse for ungdom.

Kronprinsen besøkte torsdag Stranda.

Kronprins Haakon gledde seg verkeleg til å setje utfor Bakkane på Strandafjellet i dag.

Snøen fall lett då Kronprins Haakon kom til Stranda skisenter torsdag formiddag. Og han var ikkje sein om å få på seg skiutstyret for å setje utfor.

– Eg gler meg til å teste bakken her, sa Kronprins Haakon. Men han understreka at han var på Stranda først og fremst for å delta på yrkesmessa seinare på dagen.

Kronprins Haakon
Foto: Remi Sagen / NRK

Det var slett ikkje tilfeldig at Kronprinsen valde akkurat Stranda skisenter. I 2012 blei senteret kåra til Noregs beste skisenter av friluftsmagasinet «Fri flyt».

Det var Telemark Kronprisen køyrde då han testa forholda torsdag formiddag.

Det er flotte forhold her, sa Kronprins Haakon. Han kunne også fortelje at han har vore mykje på tur i området tidlegare, men ikkje så mykje om vinteren.

Kronprins Haakon på Strandafjellet

SKIGLEDE: Det var fin stemning i bakken torsdag, då Kronprins Haakon testa forholda på Strandafjellet.

Foto: Remi Sagen / NRK

Mange av elevane frå Stranda vidaregåande skule hadde teke vegen til fjells for å vere der saman med Kronprinsen.

Dette er kult. Vi får håpe vi ikkje køyrer på han. Det skal sikkert gå bra, seier Ingrid Høydalsvik og Melinda Guadiamos.

Ingrid Høydalsvik og Melinda Guadiamos

Ingrid Høydalsvik og Melinda Guadiamos er elevar ved Stranda vidaregåande skule.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK

Torsdag ettermiddag skal Kronprins Haakon til Orkla sitt anlegg på Svemorka. Der skal han få ei orientering om produksjonen av frosenpizza. Og ifølgje programmet vankar det også smaksprøver på den kjende Grandiosa-pizzaen.

Deretter startar programmet på den lokale yrkesmessa. Kronprinsen skal halde tale på Kulturhuset i Stranda i samband med messa.