Frå raset i Sunndal. (Foto: Roar Strøm, NRK)
Innbyggarane i Jordalsgrend i Sunndal var isolerte i to døgn, utan telefon.
Ingrid Viseth i Jordalsgrend er svært kritisk til kommunen si handtering av krisa.
- Vi høyrde ingen ting frå kommunen, og eg let meg provosere av at dei sat i Tingvoll og "leikte" krise, seier Viseth.
Ho seier at dei var usikre, og viser til at det hadde gått ras på begge sider av grenda, og at dei var utan telefon.
Knut Reinset (Foto: Gunnar Sandvik, NRK)
- Det er lite tilfredsstillande at ingen engasjerte seg, seier Viseth.
Ho meiner kommuneleiinga burde tatt kontakt, eller gått ut i media og informert om korleis Jordalsgrenda skulle få tak i mat, eller få tak i ambulanse eller brannmannskap dersom det var nødvendig.
Ordførar Knut Reinset seier dei sjekka ut at heimetenesta og skulen hadde kontroll.