Hopp til innhold

– Sykkylven kommune bryt offentlege reglar

Sykkylven kommune får kraftig kritikk etter at dei har bestemt å stenge svømmebassenga.

Foreldre og skule kjem med kraftig kritikk mot Sykkylven kommune som stengjer dei to svømmebassenga i kommunen frå mai til september. Det kan føre til nedlegging av den nystarta svømmeklubben, meiner leiinga i klubben.

Hallstein Kurseth, sykkylven kommune

Hallstein Kurseth, kultursjef i Sykkylven kommune.

Foto: Besnik Zogaj / NRK
Kjartan Grebstad, leiar i SIL symjing

Kjartan Grebstad, leiar i SIL symjing

Foto: Besnik Zogaj / NRK
Diana Overøye - lærar ved Sykkylven ungdomsskule

Diana Overøye er svømmelærar ved Sykkylven ungdomsskule.

Foto: Besnik Zogaj / NRK

Fleire reagerer kraftig på at dei to svømmebassenga i kommunen blir stengt frå mai til september. Svømmeklubben meiner at kommunen bryt offentlege reglar, men det er ikkje kultursjefen einig i.

– Vi har ikkje fått tilbakemeldingar på at denne avgjerda ikkje er haldbar. Vi må stenge på grunn av økonomien i kommunen, seier Hallstein Kurseth, kultursjef i kommunen.

Stenginga kan òg føre til nedlegging av den nystarta svømmeklubben, meiner leiinga i klubben.

– Vi synst at dette er forferdeleg. Vi håpa at vi kunne ha kurs i same perioden som skulane var opne, men det blir no ikkje mogeleg. Vi må no vurdere om vi kan fortsette, seier Kjartan Grebstad, leiar i SIL symjing.

Sesongen vert no mykje kortare enn ønska. Svømmeklubben har lange ventelister og stenginga vil gjere det vanskeleg for fleire å få bli med i klubben.

– Set sparing framfor tryggleik

Diana Overøye som er lærar ved Sykkylven ungdomsskule seier at ho må kutte ein del av undervisninga for å kome i mål før stenginga. Ho meiner at ungdommane mister viktig opplæring.

– Eg får ikkje tid til viktige delar av pensum. Elevane får ikkje lært livredning fordi bassenget stenger før sommarferien, seier læraren.

Ho meiner at kommunal sparing kan skape farlege situasjonar.

– Det å vere ein god svømmar har mykje med tryggleik å gjere. Vi som bur ved sjøen bør ha nok kunnskap om livredning i vatn, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL