Hopp til innhold

Kristiansund sikra avansement mot Brattvåg

KBK vann oppskriftsmessig 3-0 borte mot Brattvåg i første runde av NM. Sjå scoringane her.

Kristiansund vann komfortabelt 3-0 borte mot Brattvåg i første runde av cupen.

Sjå alle scoringane til KBK mot Brattvåg.

Laster innhold, vennligst vent..

3.-divisjonslaget Brattvåg heldt tritt med nordmørslaget i første omgang, men like etter pause kom 0-1 på Brattvåg stadion.

Målet var av den vakre sorte. KBK fekk frispark på hjørnet av 16-meteren og Christoffer Aasbak banka til med venstrefoten. Ein sjanslaus Per Espen Sæther Thorsen i Brattvåg-målet måtte sjå ballen gå i mål til 0-1.

Brattvåg prøvde å komme seg inn igjen i kampen, men det blei aldri veldig farleg. I staden dobla KBK leiinga etter 80 minutt ved Jonas Rønningen.

Nok ein gong var det eit frispark som sikra scoring. Frå 17 meter fekk Rønningen prøve seg og skrudde ballen over muren i nærmaste kryss.

Brattvåg kunne scora ved Prince Mambouana i det 90. minutt, men i staden fastsette Jean Alassane Mendy til 0-3 i det 92. minutt åleine med keeper.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL