Hopp til innhold

Kristiansund bryt lova når dei permitterer tiandeklassingar

Mathilde Tybring Gjedde (H) sette kaffien i vrangstrupen då ho høyrde at tiandeklassingar har fått tidleg ferie. Kommunen bryt opplæringslova konkluderer Fylkesmannen.

Får tidleg ferie.

TIDLEG FERIE: Anas Mohamed, William Naalsund og Calvin Curtis Minani seier det blir herleg med ferie. Men at det er trist dei ikkje får siste tida med klassa si før dei går kvar sin veg.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

For å gi plass til åttande og niande klasse vel kommunen å permittere avgangselevane den 3. juni. Då får dei standpunktkarakterane sine, og er ferdig på grunnskulen.

Tiandeklassingane sjølve er samstemte om det er blir fint med ferie. Men dei syns det er dumt at dei får så lite tid med klassa for siste gang.

– Det er litt trist. Vi skal byrje på vidaregåande til hausten, og no mistar vi tid med venane våre, seier Anas Mohamed.

Kan ikkje permittere elevar

Stortingsrepresentant for Høgre, Mathilde Tybring Gjedde, meiner ein ikkje kan sende heim elevane sjølv om dei ikkje skal ha eksamen.

– Elevar kan ikkje bli permittert, dei har rett på opplæring. Det er ikkje mogleg å sende heim nokre elevar for å prioritere andre, seier ho.

Ho meiner kommunen ikkje har følgt dei tydlege signala regjeringa har gitt.

– Når vi vedtok å avlyse munnleg og skriftleg eksamen, så var det ein føresetnad at skulane kunne bruke lengre tid på å sette standpunktkarakter, og gi betre undervising. Ikkje sende elevar heim, seier Gjedde.

Partikollega Vetle Vang Solheim meiner kommunen ikkje har strekt seg langt nok for å gi det som elevane har krav på.

Kommunen bryt opplæringslova

Fylkesmannen har undersøkt om kommunen bryt opplæringslova.

– Vi har fått tilsendt dokumentasjon frå Kristiansund kommune og konkludert med at dette er brot på opplæringslova. Vi har opplyst kommunen om vår konklusjon, seier Maren Ørjasæter Aaland, direktør for oppvekst- og utdanningsavdelinga hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Permittering av elevar kan vere eit lovbrot.

LOVBROT: Maren Ørjasæter Aaland hos fylkesmannen opplyser at kommunen bryt lova ved å permittere elevane.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Utdanningsdirektoratet kan berre kommentere saka på generelt grunnlag.

– Elevane har både rett og plikt til å møte opp på skulen dei dagane det er opplæring etter skuleruta, seier avdelingsdirektør Cathrine Børnes.

På grunn av koronakrisa har skulane vore stengt i lang tid. Derfor meiner Børnes at det er ekstra viktig no at dei får vere på skulen.

– Vi meiner det er ekstra viktig at skuleåret blir nytta på ein god måte denne våren, sidan skulane har vore stengt i mange veker, seier Børnes.

FAU meiner det er uheldig

Leiar for FAU ved Nordlandet skole i Kristiansund.

UHELDIG: FAU meiner det er uheldig for ungdommane at dei blir teken ut av skulen. Dei har hatt veldig lite skule sjølv når det var opna for at dei kunne komme igjen, seier Vidar Skoglund.

Foto: Eirik Haukenes / Eirik Haukenes

Det er tre ungdomsskular i Kristiansund. Vidar Skoglund som er FAU-leiar ved Nordlandet ungdomsskule reagerer på permitteringa.

– Det er uheldig for ungdommane som allereie har vore igjennom ei lang periode med heimeskule, seier Skoglund.

FAU ønskjer å fronte at det framleis har ein verdi å vere på skulen, sjølv om standpunktkarakter er sett.

– Vi meiner det er betre at dei får gå på skule i staden for å gå ut i ein ekstra lang sommarferie, etter at dei har vore gjennom eit veldig spesielt skuleår.

Har utfordringar med plass

Kristiansund kommune har vald å permittere elevane fordi dei har lite plass på skulane og problem med skuleskyss.

– Elevane i tiande trinn vart prioriterte etter gjenopninga av skulane, som betyr at det vart mindre tid på skulen for dei i åttande og niande. Når standpunktkarakterane blir sett 3. juni, vil vi kunne ha dei andre trinna meir på skulen, seier kommunikasjonssjef i Kristiansund, Tore Lyngvær.

Dei grunngjev også avgjerda med at avgangselevane har klagefrist på karakterane som blir sett, og for å hindre at lærarane må bruke ferien sin for å handtere klagar, vart fristen sett til 3. juni.

– I ein normal situasjon hadde vi kunne gitt avgangselevane eit fornuftig skuletilbod også etter at dei har fått standpunktkarakterane. Men vår vurdering av tilgjengelege ressursar gjer at vi løyser det på denne måten i år.

Artikkelen er oppdatert med konklusjonen frå Fylkesmannen, som fortel at dette er eit lovbrot. I den første versjonen som blei publisert stod det at dette kunne vere eit brot på opplæringslova.