NRK Meny
Normal

Gav HamKam rundjuling - på direkte opprykk etter 15 av 30 seriekampar

To kjappe scoringar i første omgang snudde kampen. To kjappe scoringar i andre omgang avgjorde kampen. Til slutt blei det heile 5-1 til KBK på Idrett.

HamKam tok leiinga etter 33 minutt i Kristiansund. Midtbanespelar Fredrik Sjølstad var sterkast då Truls Jevne Hagen slo eit frispark inn i KBK sin 16-meter. Frå kort hald heada Sjølstad ballen i mål til 0-1.

Umiddelbart etter bortemålet kom derimot 1-1. HamKam-keeper Lars Øvernes var uheldig og Jean Alassane Mendy var vaken og sette inn utlikninga.

Etter 38. minutt, og seks fartsfylte minutt, kom 2-1. Mahmoud El Haj fekk med seg ballen før han spelte Mendy gjennom. Keeper redda, men Andreas Rødsand var vaken på returen og sendte Kristiansund i leiinga.

To kjappe avgjorde

HamKam prøvde seg i opninga av andre omgang, men etter 70 og 72 minutt banka Mendy og Erlend Sivertsen mange mil nærare siger nummer fem på rad.

Første kom 3-1 då Mendy på flott vis skrudde ballen i lengste hjørne, før Sivertsen banka inn 4-1 etter målgjevande signert Mendy.

Etter 83 minutt blei KBK tildelt straffe då innbyttar Jan Banan Tømmernes blei heldt i feltet. Mendy tok straffesparket og sikra 5-1 med scoring nummer tre, dermed hat-trick.

5-1 stod seg til slutt og Kristiansund kunne innkassere siger nummer fem på rad.

Roger Berntzen

Roger Berntzen var strålande fornøgd etter 4-1-siger borte mot Fredrikstad. Mot HamKam blei det siger 5-1 (!).

Foto: Ohrstrand/Bjerkås / Kristiansund Ballklubb

Klatra til opprykksplass

Kristiansund er i fyr og flamme for tida. Fire sigrar på rad og 9-1 i målforskjell mot Kongsvinger, Strømmen, Ranheim og Fredrikstad. Det var før møtet med HamKam.

– Vi kan ikkje vere anna enn fornøgde, sa KBK-keeper Roger Berntzen etter 4-1-sigeren borte mot Fredrikstad måndag.

KBK låg på tredjeplass i 1. divisjon med 26 poeng før kampen mot HamKam. Sandefjord låg på andreplass med 27 poeng og Bodø/Glimt på topp med 32 poeng. 5-1-sigeren over HamKam gjorde at KBK klatre på direkte opprykksplass.

Om dei blir på andreplass over sommarferien blir avgjort søndag, når Sandefjord møter Mjøndalen borte.

Motstandar HamKam ligg på sjuandeplass med 24 poeng, både før og etter kampen. Med siger kunne dei klatra forbi Kristiansund.

Mendy og Torske inn

Kristiansund gjer to bytte opp mot bortekampen mot Fredrikstad. Sverre Økland og Victor Ashby går ut, og rutinerte Tor Erik Torske og Jean Alassane Mendy går inn i angrepet.

Kristiansund (4-3-3): Roger Berntzen - Olivier N'Siabamfumu, Christophe Psyché, Dan Peter Ulvestad, Erlend Sivertsen - Liridon Kalludra, Roger Risholt, Andreas Rødsand - Mahmoud El Haj, Tor Erik Torske, Jean Alassane Mendy.

På HamKam finn ein mellom andre sunnmøringen Oddbjørn Lie, som nyleg signerte for Aalesund frå 2014 av.

HamKam: Lars Øvernes - Truls Jevne Hagen, Oddbjørn Lie, Edmir Asani, John Anders Rise - Fredrik Sjølstad, Aziz Idris, Viktor Adebahr - Emil Dahle, Anders Nedrebø, Erik Tønne.

Brassespark i mål

I førre heimekamp, mot Ranheim søndag 23. juni, avgjorde Andreas Rødsand med eit fantastisk brassespark.

Foto: Roar Halten / NRK