NRK Meny
Normal

– Artig å få vere med, på tampen av karrieren

Han er debutant i 1. divisjon og KBK-spelaren med flest kampar. 33 år gamle Roger Berntzen er svært fornøgd med tilværet i toppfotballen.

Roger Berntzen

Roger Berntzen er spelaren med flest kampar for Kristiansund. No synest 33-åringen det er utruleg kjekt med 1. divisjonsspel på tampen av karrieren. Her er han som 2. divisjonsspelar i 2010.

Foto: Aina Rødal / NRK

Etter 4-1-sigeren borte mot Fredrikstad måndag kveld var keeperen ekstra glad.

– Vi kan ikkje vere anna enn fornøgde. Fredrikstad har ein del ball, men vi er effektive og scorar. Samstundes held vi dei unna dei store sjansane. Det er kjekt å levere på ei såpass vanskeleg bortebane.

Roger Berntzen stod ein ny god kamp for Kristiansund, og etter 14 kampar har han sleppt inn berre 12 mål. Berre to keeperar i 1. divisjon har sleppt inn færre.

40 år gammal keeper med jobb? Hah!

Etter snart halvspelt serie er Berntzen i tillegg éin av to som har starta alle kampane. Andreas Rødsand er den andre.

Sjølv synest han det er stas å berre vere med på toppnivå.

– Det er artig å få vere med, på tampen av karrieren. Det er i tillegg moro for meg personleg å føle at eg meistrar nivået, fortel Berntzen til NRK.

Roger Berntzen

Roger Berntzen er usikker på kor mange år han held fram i fotballen. Akkurat no nyt han tilværet i norsk toppfotball.

Foto: Ohrstrand/Bjerkås / Kristiansund Ballklubb

– Tampen av karrieren? Brukar ikkje keeperar å halde det gåande til dei rundar 40 år, då?

– Vel, flirer Berntzen, før han seier:

– Dei fleste keeperane som held på til dei er 40 har vel ikkje hatt jobb ved sidan av. Så eg trur kanskje ikkje at det blir så lenge. Det er utruleg artig akkurat no, og så får vi sjå etter kvart.

– Tenkjer ikkje opprykk

På Fredrikstad Stadion blei det eitt baklengsmål for Berntzen. Likevel er både han og laget inne i flytsona, med fire sigrar på rad.

– Det er veldig godt. No har vi éin kamp igjen før ferien, så vi halde oppe dampen. Etter det blir det nokre velfortente feriedagar, før vi skal førebu oss til haustsesongen.

– Då eg prata med trenar Geir Bakke, før Kongsvinger-kampen i byrjinga av juni, sa han at KBK kunne sjå oppover med gode resultat i dei fem kampane før ferien. No er det fire sigrar på rad. Tenkjer de opprykk, ikkje å unngå nedrykk, no?

– Nei, vi gjer ikkje det. Vi skal klore til oss dei 35 poenga vi treng, raskast mogleg, så får vi sjå kor mange poeng vi plukkar etter det. No er det artig at vi viser at vi har noko å gjere i 1. divisjon. Vi har tatt nivået bra og levert ganske bra i nesten alle matchane, meiner Berntzen.

Han meiner KBK no kan gå inn i haustsesongen med litt lågare skuldrer og ein viss tryggleik.

– Vanskelege å slå

I augneblinken ligg klubben på 3. plass med 26 poeng, dobbelt så mange poeng som Strømmen på den siste nedrykksplassen. På dei tre siste ligg Vard Haugesund, Elverum og Follo med åtte poeng kvar.

Neste kamp for KBK, i serierunde nummer 15, er heimekampen mot HamKam førstkomande fredag 5. juli.

– Vi får håpe at vi held fram i same stimen. Klarer vi å levere som i dei siste kampane blir vi i det minste vanskeleg å slå, avsluttar keeperveteran Roger Berntzen.