Hopp til innhold

Rekorddårleg start på sesongen for KBK – trur likevel trenaren sit trygt

Kristiansund BK har så langt ikkje vunne ein einaste fotballkamp i Eliteserien denne sesongen. Aldri før har eitt fotballag hatt så få poeng i starten av sesongen.

Christian Michelsen på trening med Kristiansund BK.

STØTTE: Trass i dårlege resultat denne sesongen har KBK-trenar Christian Michelsen framleis støtte blant supporterane og styret til klubben.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

11 tap og ein uavgjort kamp. Nedst på tabellen i Eliteserien ligg Kristiansund BK med berre eitt enkelt poeng denne sesongen.

Til samanlikning har Jerv, som ligg på plassen over, 11 poeng på 14 kampar.

Aldri før har eitt fotballag hatt så få poeng i starten av sesongen, ifølge lokalavisa Tidens Krav. Dei har sett på alle tabellane tilbake til 1963, då fotballklubbane blei samla i ei toppserieavdeling.

Dårlegast etter ti serierundar før dette, var AaFK, som i 2020 hadde tre poeng. Då enda sesongen med nedrykk og trenaren fekk sparken.

Likevel er det få som snakkar om at trenar Christian Michelsen må gå av som trenar.

– Han har skapt eit lag byen ønskjer å forbinde seg med. Dei har stått for hardt arbeid og fellesskap, meiner fotballekspert i Discovery, Christian Gauseth.

Eliteserien i fotball 2021: Mjøndalen-Bodø/Glimt 3-0

Fotballekspert Christian Gauseth trur det er fleire grunnar til at Michelsen sitt trygt i trenarrolla.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

– Fortener ein ny sjanse

Gauseth legg vekt på at Michelsen er godt kjent i lokalsamfunnet og at resultata han har frå før, gjer at han fortener ein ny sjanse, men:

– Eg saknar at dei rettar problema som har skjedd gjennom mange serierundar. Enkeltfeil og systemfeil gjentek seg, og det må vere mogleg å ordne opp i.

Til slutt peikar han på den økonomiske situasjonen til klubben.

– Å sparke ein trenar kostar pengar. Når ein i tillegg må betale løn til ein ny, får ein ei dobbel utgift, så det spelar nok inn, trur Gauseth.

Er Christian Michelsen rett mann for KBK?

– Rett mann for klubben

Dei NRK møter på gata i Kristiansund er ikkje i tvil om Christian Michelsen er rett mann for KBK.

Thorry Aakenes om KBK-sesongen så langt.

Thorry Aakenes trur Christian Michelsen er rett mann for KBK.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Dei får ikkje ein betre trenar. Eg trur ikkje dei hadde gjort det betre med Ole Gunnar Solskjær heller, fortel Frank Ødegaard.

– Han er og har alltid vore rett person. Han er ein hundre prosent dedikert trenar og han veit kva grep som må gjerast, men han er ikkje tryllekunstnar heller, seier Thorry Aakenes.

– Eg trur han får til å snu skuta. Han har jo vore sopass god dei førre sesongane, seier Marie Brennskag.

 Marie Brennskag om KBK.

Marie Brennskag trur framleis at KBK kan snu skuta.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Står bak trenaren

Skader, sjukdom, utskiftingar i troppen og dårleg økonomi er blant utfordringane KBK har hatt denne sesongen. Trenar Christian Michelsen innrømmer at det har vore krevjande, men vil ikkje bruke det som ei unnskyldning.

KBK- trenar Christian Michelsen

KBK-trenar Christian Michelsen innrømmer at dei har hatt ein dårleg start på sesongen, men meiner laget no nærmar seg toppforma.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Vi kom skeivt ut denne sesongen, men er i ferd med å bli mannsterke igjen. No kan det berre gå ein veg. Eg skjøner at alle vil fokusere på det som har vore, men vi må jobbe med det vi kan gjere noko med.

Sidan KBK rykka opp til Eliteserien i 2016 har dei på det lågaste hamna på ein 7.-plass. Dei to siste sesongane har dei enda på ein 6. og 5-plass.

Christian Michelsen har trena laget sidan 2014. I januar 2022 signerte han ein ny fireårskontrakt med klubben. Petter Otto Dyb, styreleiar i KBK, seier at trenaren har deira fulle støtte.

– Han har skapt underverk for klubben over fleire år. Det var også Christian som fekk oss opp i Eliteserien. Vi har hatt mange år med oppturar, men nokre gonger buttar det mot, seier Dyb.

Han meiner at klubben er i ferd med å snu den negative trenden.

– Vi har framleis stor tru Christian og laget. Og så må vi undersøke alle krokar for å finne ut korleis vi kan bli betre.

Les også Kristiansund BK får endå ein kamp utsett på grunn av sjukdom

Moldes Martin Bjørnbak (tv) i duell med Moses Mawa under eliteseriekampen i fotball mellom Molde og Kristiansund på Aker Stadion.

– Må tenne gnisten

Søndag møter KBK Odd på heimebane. Kaptein Dan Peter Ulvestad seier dei er nøydd til å få ein siger snart.

KBK-kaptein Dan Peter Ulvestad

Dan Peter Ulvestad seier det byrjar å haste om dei skal berge plassen i Eliteserien denne sesongen.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Det seier seg sjølv at eitt poeng på tolv kampar ikkje er godt nok. Vi har litt å jobbe med, både med ball og mentalt, seier han.

Trenar Michelsen seier at dei har jobba med å styrke laget den siste tida, men er klar over at dei har dårleg tid om dei skal hindre nedrykk.

– No handlar det om å tenne gnisten og få fram energien og humøret, seier han.