Hopp til innhold

Lars Bohinen er ferdig som trenar for AaFK

Styret i Aalesunds Fotballklubb har valt å avslutte samarbeidet med hovudtrenar Lars Bohinen.

Eliteserien i fotball 2020: Sandefjord - Aalesund

Det blir no jobba for å finne ein ny hovudtrenar etter at Lars Bohinen er ferdig i AaFK

Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix

AaFK er tabelljumbo med berre sju poeng på 15 kampar.

No skriv klubben i ei pressemelding at dei avsluttar samarbeidet med Lars Bohinen.

– Vi ligg på botnen av tabellen etter halvspelt serie, og ser behov for å gjere endringar for å vidareutvikle AaFK som toppklubb, skriv klubben.

Aalesund fotballklubb signerte kontrakt med Lars Bohinen i 2017 då Trond Fredriksen var ferdig som hovudtrenar. Då hadde AaFK rykt ned til OBOS-ligaen. I 2019 rykte laget opp til Eliteserien att, men resultata har vore svake.

Fekk ikkje ut potensialet

Dagleg leiar i Aalesunds FK, Geir Steinar Vik

Dagleg leiar Geir S. Vik seier at dei har håp om å unngå nedrykk.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Dagleg leiar, Geir S. Vik, seier at dei har ei god spelargruppe, men at det ikkje viser att i resultata.

– Vi lever av prestasjonar og resultat. I år har vi ikkje klart å få ut potensialet i spelargruppa, seier Vik.

Han ynskjer å takke Bohinen for jobben han har gjort i AaFK, med to gode sesongar i 2018 og 2019.

Jaktar på ny trenar

Jobben med å finne ein erstattar er i gang. Vik vil ikkje seie noko om kven som kan vere aktuell for jobben.

– Vi ser framover. Vi er berre halvspelt i serien. Vi skal jobbe knallhardt for å snu dette og forsøke å berge plassen, seier Vik.

– Trist

1. divisjon fotball 2019 : Aalesund - Sandefjord (3-1) Fredrik Carlsen

Fredrik Carlsen hadde eit håp om at laget kunne snu den dårlege trenden saman med Lars Bohinen.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Kaptein Fredrik Carlsen synest det er trist at Bohinen må gå, sjølv om det har vore tungt resultatmessig i år.

– Det er ein trenar som har lært meg mykje. Eg hadde eit håp om at vi kunne snu dette saman med han, seier Carlsen.

Han håper at den nye trenaren som kjem inn kan skape eit engasjement og at ein saman startar å vinne kampar att.

Lars Bohinen seier til NRK at han ikkje vil kommentere saka.