Hopp til innhold

Kristiansund BK er slått ut av sjukdom – får utsette seriekamp

Eliteserielaget til Kristiansund opplever eit mannefall utan like. No har dei fått utsett kampen mot Tromsø i morgon.

Molde mot Kristiansund

Førre helg møtte KBK Molde til kamp i Eliteserien. No er fleire av spelarane ute med feber.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Det bekreftar sportsleg leiar i KBK, Terje Wiik, til NRK tysdag ettermiddag.

– Vi er veldig glad for at NFF har lytta til oss. Vi hadde ikkje noko anna val, vi hadde ikkje greidd å stille 11 mann mot Tromsø i morgon, seier han.

Dermed blir kampen i Eliteserien utsett. Det er uklart når kampen blir sett opp igjen.

18 på laget sjuke

Tysdag var det berre tre A-lagsspelarar som var tilgjengelege på treninga. I tillegg er ein av trenarane på førstelaget og ein keepertrenar sjuke. Det var Discovery som først melde om saka.

Sportsleg leiar i KBK Terje Wiik

Terje Wiik, sportsleg leiar i KBK.

Foto: Tore Lyngvær / NRK

– Det var to mann som kjende litt på det i går, i løpet av natta blei det 14 til, så vi har fått eit virus inn i troppen, sa Wiik til NRK på føremiddagen.

Han fortel at smitta kan ha starta i G18-troppen. Også der har fleire vore sjuke, og berre åtte av 21 møtte på trening i dag.

Spelarane skal blant anna ha vondt i halsen og feber. KBK måtte supplere laget med juniorar for å kunne gjennomføre dagens trening.

Trenar Christian Michelsen og to av keeperane til laget er blant dei som er sjuke.

Fleire utfordringar

Laget frå Nordmøre ligg nedst på tabellen i Eliteserien. Dei har berre eit poeng etter sju spelte kampar.

Marius Weidel

KBK-spelar Marius Weidel seier dei prøver å gjere det beste ut av situasjonen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

I tillegg til sjukdom er også fem av spelarane ute med langtidsskadar.

– De trudde kanskje ikkje at det kunne bli verre no?

– Nei, det er ein dårleg situasjon, men vi må berre prøve å gjere det beste ut av det, seier KBK-spelar Marius Weidel.

Utset kampen

KBK ønska difor å utsette onsdagens heimekamp mot Tromsø. Klubben har i heile dag vore i dialog med Noregs Fotballforbund (NFF) om dette.

NFF opplyser at søknaden er vurdert av uavhengig medisinsk kompetanse og behandla i spelplanutvalet.

Konkurransedirektør, Nils Fisketjønn, seier det ikkje hadde vore rett å gjennomføre kampen med eit så omfattande sjukdomsutbrot.

 Nils Fisketjønn

Konkurransedirektør i NFF, Nils Fisketjønn, seier det ikkje hadde blitt rettferdig å spele kampen.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Det hadde ikkje vore rett ovanfor dei to laga, men heller ikkje dei andre laga i ligaen. Kampar skal blir avgjort på eit sportsleg grunnlag. Sjukdom og skade er sjølvsagt ein del av fotballen, og det må og skal sitte langt inne å utsette kampar. Særleg på dette nivået. Men omfanget her er så stort at det måtte bli utsetting, seier han.

NFF kjem tilbake med informasjon om ny dato for kampen når det er klart.

Håper å stille lag på søndag

Søndag skal KBK etter planen møte Sandefjord på bortebane. Wiik håper dei kan stille lag då.

– Det er endå ein viktig kamp for oss. Det er nokre dagar til, så forhåpentlegvis er spelarane kvitt feberen til då og er klar for kamp, men vi er veldig spent for denne sjuka ser ut til å sitte i, seier han.