Hopp til innhold

Krisetelefon for fattige

Foreningen Fattignorge vil utvide tilbodet og etablere krisetelefon for gjeldsoffer.

Georg Rønning

Dagleg leiar i Foreningen Fattignorge, Georg Rønning.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

I dag er Foreningen Fattignorge sitt hovudkontor i Ålesund bemanna med to personar. No treng dei fleire for å møte pågangen frå folk som treng økonomisk hjelp.

Gjeldsforhandlingar

Dagleg leiar Georg Rønning seier dei i første omgang har plass til åtte nye medarbeidarar, men at ønsket er omlag tjue. - Vi treng folk som kan forhandle med kreditorar. Det vil seie at vi treng folk med bakgrunn i økonomi, reknskap og kanskje inkasso, seier Rønning.

Krisetelefon

Foreningen Fattignorge etablerer også krisetelefon for gjeldsoffer. - Dei som skal ta imot telefonane kan sjølvsagt ha alle typar kompetanse, seier Rønning. Dei vil få opplæring av oss, seier han.

Engelsk modell

Georg Rønning seier at foreninga vil byggje opp krisetelefonen etter engelsk modell. Dette inneber at telefonvaktene ikkje berre vil fange opp økonomiske problem, men også kunne sjå om dei som ringer har andre vanskar også. - I dag har vi ikkje kapasitet til dette, men i framtida vonar vi at vi skal kunne fange opp om dei som ringjer til dømes treng psykiatrisk hjelp eller annan type hjelp enn det vi kan tilby, seier han.

Samarbeid med NAV

Foreningen Fattignorge etablerer no eit samarbeid med NAV. - Vi ønskjer ein open dialog med NAV for å få krisetelefonen på plass, seier Dagleg leiar Georg Rønning. Prosjektet kjem truleg i gang neste månad.

- Fleire i pengetrøbbel

Gjeldsofre får ikke rådgivning

Bekymret for økte matvarepriser

Hun er årets fattigmann

Lita interesse for fattige

Fattignorge sitt nye kontor i Ålesund

Foreningen Fattignorge har fått nye kontor i Ålesund.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL