Hopp til innhold

– Respekten for dommaren har blitt mindre

Nordmøre og Romsdal fotballkrets vedgår at manglande respekt for dommaren er eit problem i ungdomsfotballen. Ei spytteklyse i ansiktet frå ein 16 år gamal gut gjer at ein erfaren dommar har fått nok.

Erik Hals

Leiar i Nordmøre og Romsdal fotballkrets, Erik Hals, seier seg lei for at Roger Hagbø vel å gi seg som dommar.

Foto: Arne Flatin / NRK

Etter 20 år føler Roger Hagbø at det ikkje lenger er trygt å vere dommar.

Episoden som skulle bety slutten på dommarkarrieren hans fann stad på måndag, under ein kamp mellom Sportsklubben Rival og Måndalen IL. Då vart ein 16 år gamal måndalsspelar så misnøgd med dommaravgjerda til Roger Hagbø at han bestemte seg for å spytte han i ansiktet.

Les:

Nordmøre og Romsdal fotballkrets tek sterk avstand frå hendinga.

– Vi tek sterk avstand frå den episoden og vi synest det er meget beklageleg at dommarar vert utsette for slike overgrep.

Føler seg utrygg

Etter at Romsdals Budstikke først skreiv om saka tysdag, fekk ho merksemd frå fleire medium.

Måndalen IL har orsaka hendinga og seier at episoden vil få konsekvensar for spelaren.

Les:

Men Roger Hagbø føler seg ikkje lenger trygg på banen og gir seg som dommar.

– Eg har følt meg utrygg eit par gongar før, og måndag var eg i alle fall utrygg, sa Hagbø til NRK etter episoden.

– Dette skal ikkje skje

Erik Hals i Nordmøre og Romsdal fotballkrets seier han synest det er veldig synd at Hagbø vel å gi seg som dommar.

– At ein som har vore dommar i 20 år og seier at han føler seg uttrygg på fotballbanen, er eit varsku til både oss i fotballkrinsen og til klubbane.

Hals peikar på at både Norges fotballforbund, dei ulike fotballkrinsane og fleire klubbar jobbar aktivt med korleis både spelarar og foreldre skal oppføre seg på og rundt banen. Likevel meiner han at dei har ein lang veg å gå.

– Dette må vi verkeleg ta på alvor og vi må alle jobbe knallhardt for at slike episodar ikkje skal finne stad igjen.

Roger Hagbø

Etter 20 år som krinsdommar kastar Roger Hagbø (51) inn handkleet. Spytteklysa frå ein 16 år gamal spelar som traff han i ansiktet, får den erfarne dommaren til å konkludere med at mange unge spelarar i dagens fotball ikkje har grenser og grensesettande lagleiarar.

Foto: Erik Hattrem / NRK

– Det har vorte skikkeleg ille

Med si lange erfaring som dommar på dei fleste aldersnivå, har Roger Hagbø ei klar formeining om kva retning spelaren sin oppførsel i ungdomsfotballen har utvikla seg.

– Det har vorte skikkelig ille, sier han.

Leiar Erik Hals i Nordmøre og Romsdal fotballkrets seier han ikkje trur at det har vorte så veldig mykje verre.

– Vi hadde stygge episodar før også, men det er mogleg at spesielt munnbruk er eit aukande problem i ungdomsfotballen og det kan sjå ut som at respekten for dommaren har blitt mindre.

Hals håper og trur at haldningane blant spelarane vil verte betre på sikt.

– Fotball er ein svær idrett, der alle samfunnslag er representerte og då vil situasjonar oppstå, men vi veit at det blir jobba knallhardt med haldningsendringar i mange klubbar.

– Det skal ein sterk rygg til for å tole slikt

Dommar Roger Hagbø meiner at dårlege lagleiarar må ta skulda for at unge spelarar oppfører seg ufint, manglar grenser og bryt regelverket i fotballen.

– Spelarane vert slik som lagleiarane formar dei. Har du ein lagleiar som står på sidelinja utan å vite kvar grensa går, så veit heller ikkje spelarane kvar grensa gårm seier Hagbø til NRK.

Krinsleiar Hals meiner det er feil og er oppteken av å ikkje generalisere.

– Vi har lagleiarar og trenarar i barne- og ungdomsfotballen som gjer ein fantastisk innsats. Dei står på nesten kvar einaste dag, ettermiddagar, kveld og helg utan å få fem øre for jobben, så det blir feil å angripe lagleiarane.

Han er likevel lei for at dommar Hagbø føler det slik, og håper at denne episoden ikkje vil skremme andre frå å dømme fotballkampar.

– Dommaren er bortimot åleine på kamp. Han er krinsen sin representant, og er veldig ofte heilt åleine. Då skal det ein sterk rygg til for å bere slikt. I dette tilfellet er vi i alle fall veldig glade for at det var ein erfaren dommar som dømte kampen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL