NRK Meny
Normal

Dommar får orsaking for spytteklyse

Måndalen IL tek sterk avstand frå at ein av spelarane deira spytta dommaren i ansiktet under ein G16-kamp.

Roger Hagbø

Sjølv om Måndalen IL ber om årsaking, vil Roger Hagbø gi seg som dommar etter å ha vorte spytta på av ein 16 år gamal spelar.

Foto: Erik Hattrem / NRK

Etter 20 år som dommar på krins- og nasjonalt nivå fekk Roger Hagbø (51) nok då han mottok ei spytteklyse frå ein 16 år gamal spelar i ansiktet.

No årsakar Måndalen IL.

– Dette er sjølvsagt noko vi som klubb og idrettslag tek sterk avstand frå. Vi orsakar med dette til fotballfamilien og dommar Roger Hagbø, skriv klubben i ei pressemelding.

Les:

Gir seg som dommar

Det var under ein kamp mot Sportsklubben Rival IL måndag at ein spelar frå Måndalen IL vart så misnøgd med ei dommaravgjerd at han fekk ut aggresjon ved å spytte dommar Hagbø midt i ansiktet.

No føler ikkje Roger Hagbø seg lenger trygg på banen og gir seg som dommar.

– Eg har følt meg utrygg eit par gongar før, og måndag var eg i alle fall utrygg, sa Hagbø til NRK etter episoden.

Med si lange erfaring som dommar på dei fleste aldersnivå, har Hagbø ei klar formeining om kva retning spelaren sin oppførsel i ungdomsfotballen har utvikla seg.

– Det har vorte skikkelig ille, sier han.

Kretsdommer Roger Hagbø har fått nok. Nå føler han seg utrygg rundt om på lokale fotballbaner.

Etter 20 år som krinsdommar kastar Roger Hagbø (51) inn handkleet. Spytteklysa frå ein 16 år gamal spelar som traff han i ansiktet, får den erfarne dommaren til å konkludere med at mange unge spelarar i dagens fotball ikkje har grenser og grensesettande lagleiarar.

Tek saka på alvor

Etter at Romsdals Budstikke først skreiv om saka tysdag, fekk ho merksemd frå fleire medium.

Måndalen IL skriv i pressemeldinga at dei tek saka veldig på alvor og at tiltak vert iverksett umiddelbart.

– Hendinga vil få konsekvensar for spelaren. Dei konsekvensane vert tekne innad i klubben og i samarbeid med krinsen.

Klubben presiserer at dei også har eit ansvar får å ta vare på sine medlemmar.

Legg skulda på lagleiarane

Dommar Roger Hagbø meiner at dårlege lagleiarar må ta skulda for at unge spelarar oppfører seg ufint, manglar grenser og bryt regelverket i fotballen.

– Spelarane vert slik som lagleiarane formar dei. Har du ein lagleiar som står på sidelinja utan å vite kvar grensa går, så veit heller ikkje spelarane kvar grensa gårm seier Hagbø til NRK.

Den 16 år gamle spelaren som sendte spytteklysa har orsaka overfor dommaren og Måndalen IL.

– Spelaren forstår at han har svikta dei verdiar vi som klubb ønskjer å stå for, skriv klubben i pressemeldinga.

Måndalen IL lovar å ha sterkare fokus på haldningsskapande arbeid i framtida.

– Måndalen IL har stor respekt for den jobben dommarar gjer sesong etter sesong.