Hopp til innhold

Krev tøffare politikk for ueigna sjåførar

Trafikktryggingsutvala i Midt-Noreg meiner at det må ein tøffare politikk til for å stoppe vogntog og sjåførar som ikkje har noko på norske vintervegar å gjere.

Russisk vogntog i Umbukta

Det skjer kvar einaste vinter. Utanlandske vogntog som legg ut på såpeglatte norske vegar utan vinterdekk og kjetting.

Foto: Leserbilde

Iver Nordseth

Iver Nordseth er leiar for trafikktryggingsutvalet i Møre og Romsdal.

Foto: Trond Vestre / NRK

Trafikktryggingsutvala i Møre og Romsdal og Trøndelagsfylka er uroa for vogntog og sjåførar som er ueigna på norske vintervegar.

Leiar for trafikktryggingsutvalet i Møre og Romsdal, Iver Nordseth, meiner situasjonen er urovekkande. Han forventar at det blir tatt fatt i problemet.

– Vi har snakka med politi, vegvesenet, trygg trafikk og liknande etatar, og alle innrømmer at det er stor frustrasjon rundt dette. Når det gjeld sikkerheita i trafikken så er dette veldig alvorleg, seier Nordseth.

– No er det nok

Det er ikkje uvanleg at vogntog køyrer seg fast på norske vintervegar.

Trafikktryggingsutvala meiner at no er det nok. Dei har sendt eit felles fråsegn med sju punkt til samferdselsdepartementet og Stortinget. Der krev dei fleire kontrollar og grensekontrollar, for å luke ut bilar med feil og dårleg utstyr.

Dei vil og ha strengare krav om opplæring, krav om vinterdekk både på motorvogn og henger og auka satsing for å avdekke falske førarkort.

Florerer av falske førarkort

Nordseth meiner at situasjonen er uhaldbar, og meiner at mange kjøper billige førarkort. Det vil han ha ein slutt på.

– Vi ser direkte lovbrot når det gjeld dekkvalitet. Falske førarkort florerer rundt omkring, og det verkar som om det kan kjøpast for ein rimeleg sum. Då seier det seg sjølv at dette er sjåførar som vi ikkje vil ha på norske vegar – spesielt vinterstid, seier Nordseth.

Vår leser Robert Kvam har sendt oss denne videoen fra en kjøretur på det glatte føret.
Utenlandske vogntog skylder over 200 millioner

Trailerulykke Sunndal

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL