Hopp til innhold

Sikten blokkert av stereo og mikrobølgeomn: – Særs uheldig

Ein utanlandsk yrkessjåfør fekk bruksforbod på grensa på grunn av ei utradisjonell løysing i passasjersetet.

turkis mikropbølgeovn med grått stereoanlegg stablet oppå hverandre i passasjersetet i en bil slik at de sperrer for utsikten ut fra passasjervinduet.

Statens vegvesen var ikkje spesielt imponert over sikta og trafikksikkerheita i det utanlandske køyretøyet.

Foto: Statens Vegvesen

– Han meinte han ikkje hadde behov for å sjå så mykje, så då plasserte han litt ekstrautstyr i setet, seier Øyvind Grotterød.

Han er kontorsjef ved Statens vegvesens kontrollstasjon på Svinesund, på grensa mellom Noreg og Sverige.

Statens vegvesen

Øyvind Grotterød, kontorsjef ved Statens vegvesens kontrollstasjon på Svinesund.

Foto: Stein Ove Korneliussen / NRK

Då eit utanlandsk køyretøy rutinemessig blei stoppa i går, var det fleire ting som ikkje stemte.

For det første var det lasta med 400 kilo meir enn det hadde lov til. Men under etterfølgande kontroll blei det oppdaga at sikta ut var blokkert av ein mikrobølgeomn og eit stereoanlegg.

– Så dårleg sikt er direkte trafikkfarleg. Tinga var heller ikkje sikra. Viss han hadde bråbremsa eller krasja kunne mikroen skote ut av frontruta. Heile seansen er særs uheldig, seier Grotterød.

Pyntar «heime»

Grenseovergangen på Svinesund er den mest trafikkerte i landet. Rundt 2000 lastebilar passerer grenseovergangen kvar dag.

Dårleg utsyn på grunn av pynt og utstyr er noko kontrollørane ser ofte.

– Dessverre ser vi det fleire gonger om dagen, kvar dag. Første gong gir vi bruksforbod til det er rydda. Blir ein tatt for det same igjen blir politiet kopla på, forklarer Grotterød.

– Dei som køyrer bur ofte i køyretøyet i veker eller månader. For dei er køyretøyet som ein heim. Men det er nulltoleranse for å pynte heime dersom det går utover trafikksikkerheita, seier han.

Les også Fortviler over kilometerlange køer på Svinesund: – Må stå i kø minst én time

Leder i Svinesundskomiteen, Cecilia Nilsson.

Opptatt av sikkerheit

Jan-Terje Mentzoni, viseadministrerande direktør i Norges lastebileier-forbund, seier sikkerheit er det viktigaste for medlemmene deira.

Viseadministrerende direktør/ leder politisk avdeling Jan-Terje Mentzoni.

Jan-Terje Mentzoni, viseadministrerande direktør i Norges lastebileierforbund.

Foto: NLF

– Vi legg vekt på trafikksikkerheit i alt vi gjer. Vi har ein kampanje som heiter «hendene på rattet». Den dreier seg i korte trekk om at det einaste du skal halde på med når du køyrer bil, er å køyre bil.

Kampanjen er eit samarbeid mellom NLF, Statens vegvesen og Trygg Trafikk.

– Vi synest det er kjempeviktig at Vegvesenet luker ut farlege køyretøy frå trafikken, understrekar Mentzoni.