Så langt har dei fått 27,6 millionar kroner, men dette er ikkje nok, meiner lokalpolitikarane.
Torsdag hadde fellesnemda i dei to kommunane sitt første felles møte, og der var det semje om at det første dei må ta tak i er det økonomiske.
Den nye kommunen får tilsaman 22 500 innbyggarar.
Dagfinn Ripnes, ordførar i Kristiansund.
Viser til andre
- Samanlikna med andre kommunesamanslåingar, og størrelsen på dei kommunane, viser at Kristiansund/Frei har rett på meir, meiner Kristiansund-ordførar Dagfinn Ripnes.
- Det er frå småting som brevpapir til langt meir kostnadskrevande ting som møteverksemda fram til kommunevalet i 2007, seier Ripnes.
Han viser til at det er kostnads- og ressurskrevande med slike møter, og at dei også må få på plass nye telefonløysingar og nytt IKT-system.
- Mykje kostar pengar skal ein vere operativ frå dag ein, seier Ripnes.
Møte med departementet
Maritta Ohrstrand, ordførar i Frei.
Og han får støtte frå Frei-ordførar Maritta Ohrstrand.
- Når det blir oppmoda om kommunesamanslåing må staten også sørge for at det økonomiske er på plass, seier ho.
Frei-ordføraren viser til Aura og Tustna som og blir samanslått, og ifølge Ohrstrand får Kristiansund og Frei knapt ein million kroner meir enn desse.
- Det blir for lite ut i frå folketalet, hevdar Ohrstrand, som no ønskjer seg nye samtalar med Kommunaldepartementet.