Hopp til innhold

Krev gjenopning av helgeberedskapen i Volda

Folkeaksjonen for Volda sjukehus krev full akuttberedskap ved sjukehuset også i helgane. Sjukehusleiinga har vedteke å oppretthalde akuttberedskapen ved sjukehuset. Men i helgane er denne avdelinga stengd.

Volda sjukehus

Akuttkirurgien i Volda er berga. Men avdelinga er framleis stengd om helgane. Likevel er der kirurgar på vakt som skal ta seg av inneliggande pasientar.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy / NRK

Både Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Noreg er samde om at Volda sjukehus skal vere eit akuttsjukehus. Dette vart endeleg slått fast gjennom styrevedtak i vinter. Men vedtaket har så langt ikkje ført til full gjenopning av helgeberedskapen ved avdelinga i Volda.

I dag skal akutt sjuke og skadde pasientar ikkje sendast til Volda sjukehus mellom fredag klokka 16.00 og måndag klokka 8.00. Då skal pasientane sendast til sjukehus i Ålesund.

På Søre Sunnmøre har denne ordninga vekt harme ved ei rekkje høve. Og når det no er endeleg slått fast at Volda sjukehus skal vere akuttsjukehus i fleire år framover nyttar Folkeaksjonen høvet til å påpeike at dette også må gjelde i helgane.

– Forstår ikkje logikken

Talsmann for folkeaksjonen, Jørund Knardal, hevdar det vil koste lite å gjenopne akuttkirurgien også i helgane. På eit tidspunkt blei det nemleg bestemt at der måtte vere tilgjengeleg blautkirurg i Volda også i helgane. Men desse skal i dag ikkje vere førsteval i akuttsituasjonar.

Jørund Knardal

Advokat Jørund Knardal er talsmann for Folkeaksjonen for Volda sjukehus.

Foto: Terje Reite / NRK
Espen Remme, Helse Møre og Romsdal

Espen Remme er administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal.

Foto: Tore Ellingseter

På sjukehuset i Volda går det i dag blautkirurgar fulle vakter heile helga. Dei får full løn heile helga. Men dei får ikkje lov til å ta imot akutt sjuke pasientar som kjem med traume til Volda sjukehus. Vi forstår ikkje logikken i det heile teke, seier talsmann for folkeaksjonen, Jørund Knardal til NRK.

Knardal hevdar at Volda sjukehus er det næraste sjukehuset for 70.000 innbyggjarar i Nordfjord og på Søre Sunnmøre. Han viser til at det er svært viktig å kome til behandling ved eit sjukehus kort tid etter at det har skjedd ei ulukke eller at ein har blitt akutt sjuk.

– Ikkje akutt sjuk berre på kvardagane

Det har lenge vore tvil om framtida til akuttkirurgien ved dei små sjukehusa i heile Helse Midt-Noreg. Det er no slått fast at akuttkirurgien skal oppretthaldast både i Volda, Orkdal og i Namsos. Avdelingane skal utviklast og drivast som felles einingar med det næraste store sjukehuset.

– Vi er glade for at vi klarte å berge Volda sjukehus som akuttsjukehus. Men vi forstår ikkje kvifor det skal vere helgestengt. Det er ikkje berre på kvardagane at folk blir akutt sjuke eller skadde, seier Knardal.

Utviklingsplan 2018–2021

Folkeaksjonen for Volda sjukehus har fått svar frå administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Espen Remme. Han viser til vedtak om at det skal oppretthaldast eit akuttkirurgisk tilbod ved Volda sjukehus.

Remme strekar under at avdelinga i Volda skal organiserast, utviklast og drivast som éi, felles avdeling med den tilsvarande avdelinga ved Ålesund sjukehus.

– Spørsmåla må svarast på gjennom ein prosessuell heilheitleg og fagleg basert tilnærming og i arbeidet med utviklingsplanen for 2018-2021, skriv Espen Remme.

Jørund Knardal seier til NRK at han ikkje er nøgd med svaret frå Espen Remme og at han helst såg at Helse Møre og Romsdal tok tak i dei problemstillingane som var omhandla i brevet frå Folkeaksjonen.