Ålesund kommune slår fast at fire av dei seks private barnehagane dei har granska det siste året, truleg bryt lova. Rapportane viser mellom anna at fleire av dei tek ut det kommunen hevdar er ulovleg høge leiarlønningar, private lån og overføringar.
Håkon Rasmussen representerer tre av dei private barnehagane som no risikerer å måtte betale tilbake millonbeløp til kommunen.
Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRKHåkon Rasmussen er advokat for tre av barnehagane. Han seier dei treng meir tid til å gå gjennom rapportane, men at dei meiner tolkinga av lovverket er feil.
– Vi er usamde i kommunen si forståing av barnehagelova §14a. Vi har bedt kommunen om innsyn i alle dokument - og utsett frist, for å kunne gå djupare inn i saka, seier Rasmussen.
Skal ha kjøpt bilar og naust
Det kjem også fram at ein av barnehagane skal ha kjøpt bilar til styraren og sambuaren for nesten 340 000 kroner, i tillegg til eit naust og ei nausttomt for vel 780 000 kroner.
Kommunen konkluderer med at dette i realiteten er ulovleg skjult utbytte, og kjem difor etter alt å dømme til å krevje tilbakebetaling frå berre denne barnehagen på over 1,2 millionar kroner.
Til saman varslar dei no krav frå dei fire barnehagane på mange millionar.
Dei private barnehagane i Ålesund kom i søkjelyset då bladet Utdanningsnytt avslørte at eigarane av Jugendby barnehage hadde tatt ut 1,9 millionar kroner i styrehonorar dei siste åra. Dette skjedde samstundes som barnehagen gjekk med underskot.
Les også:
Granska i eitt år
Ålesund kommune har granska dei seks barnehagane i over eitt år, og konkluderer med at det har vore svært krevjande å hente ut informasjon.
Barnehagane hadde frist til 25. oktober med å uttale seg til kommunen, men fleire har altså bedt om meir tid.
Kommunalsjef Bjørn Ivar Rødal seier dei ikkje vil uttale seg om funna dei har gjort, før dei har fått kommentarar frå barnehagane.
Foto: Leiv-Erik Bondevik / NRKNRK har arbeidd i lang tid med å få ut dei hemmelegstempla rapportane, etter at kommunen nekta å gje dei frå seg, men fekk tidlegare denne veka medhald hos Fylkesmannen.