Hopp til innhold

Kraftig vekst i AUF sine medlemstal

AUF i Møre og Romsdal har hatt stor vekst den siste tida. I løpet av den siste månaden har medlemstalet auka med 25 prosent, og er no på 250.

Torhild Tønnesen Haugnes

Torhild Tønnesen Haugnes er leder i AUF Møre og Romsdal

Foto: Aina Rødal / NRK

Fylkesleiar Torhild Tønnesen Haugnes meiner tilstrøyminga av nye medlemmer skuldast både terroren i Oslo og på Utøya, og at hendingane der har vore ein vekkar til politisk interesse og engasjement.

Torhild Tønnesen Haugnes

Torhild Tønnesen Haugnes på talarstolen i Kristiansund.

Foto: Ken Alvin Jenssen

– Etter det som skjedde 22. juli trur eg at mange ungdommar har fått behov for å engasjere seg og sympatisere med Arbeiderpartiet eller andre ungdomsorganisasjonar.

Haugnes trur ikkje tilveksten har noko med sympati å gjere. Ho trur at mange unge har hatt lyst til å melde seg inn i eit parti, men aldri har gjort det før no.

– Hendingane i sommar har ført til at mange no endeleg har bestemt seg for at dei vil melde seg inn.

Kan ”Jens-effekten” videreføres?

Astrid dro tilbake til Utøya

Håper alle blir verande

Torhild Tønnesen Haugnes seier det no er viktig å ta vare på dei som melder seg inn.

– Vi kjem til å halde medlemsmøte for nye medlemmar i fylket. Vi kjem også til å ha kurs for alle tidlegare medlemmer og håper dei vil vere med framleis.

- Og vi vil understreke kor artig det er å vere politisk aktiv og kor viktig det er.

Tønnesen Haugnes trur medlemstalet i AUF i Møre og Romsdal kjem til å vere nær 300 før året er omme.

- Hun var engasjert og målbevisst

Vil ha mindre kjefting

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL