Hopp til innhold

Populært med pels

Prisen på minkskinn har gått kraftig opp denne sesongen.

Pelsdyroppdretter Steinar Nordang fra Øye i Ørsta

Steinar Nordang.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Prisutviklinga har vore nesten som eit lite eventyr når ein tenker på forrige sesong . Då hadde vi problem med å få endane til å møtes, seier oppdrettar Steinar Nordang i Ørsta.

Over 300 kroner skinnet

Det er gode dagar for pelsdyrnæringa.

Etter år med mistillit i marknaden og lite etterspurnad fordi det blei avdekka grovt dyremishald, har prisen på minkskinn stige med 50 prosent denne sesongen.

Det betyr at produsentane får rundt 330 kroner skinnet, mot 200 kroner i fjor.

– Mote med mink

For oppdrettarane har prisauken vore svært viktig, seier oppdrettar Steinar Nordang. Årsaken til prisauken er delt.

– Etterspurnaden i verdsmarknaden har auka, og motebiletet seier at mink framleis er veldig populært, seier oppdrettaren.

Prisauken kan også forklarast med mindre produksjon i Kina.

– No tener oppdrettarane i Noreg pengar på alt som vi driv med av pelsdyr. Vi har nokså store kostnader knytt til nye regelverk i tida som kjem. Dei som ikkje har fulgt desse reglane har no ei god mulegheit til å gjere det raskt, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL