Det kan brenne i fleire dagar

Naboar nær ei brennande søppelfylling i Ålesund må late att vindauga på grunn av giftig røyk. Brannvesenet har fått kontroll på brannen. Den kan ulme i mange dagar framover.

Brann Bingsa

Det er svært røykfullt i området etter at det starta å brenne i søppelfyllinga

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK
Brann Bingsa

Tjukk, svart røyk frå området vert observert frå lange avstandar.

Foto: Janne Brit Aasen / NRK

SISTE: Brannen på Bingsa er under kontroll, melder politiet.

Brannen i søppelfyllinga Bingsa i Olsvika i Ålesund starta i 13-tida i dag. Mykje trevirke og industriavfall gjer at brannen fører til tjukk, giftig røyk.

– Så lenge vi ikkje har kontroll på kva som brenn, seier vi at brannen framleis er giftig, fortel varabrannsjef Jonny Stølen. Dei har bede folk om å late att vindauga.

Klokka 16.30 seier han at brannvesenet no jobbar med å få ned temperaturen i søppelhaugane. Det vil gå mange dagar før dei har full kontroll over brannen. 15 frå brannvesenet jobbar på staden.

– Når vi har fått ned temperaturen, må dei som driv anlegget inn med gravemaskin, slik at vi kjem til med sløkking, seier Stølen.

Vassdamp

Brann Bingsa

Årsaka til brannen er enno ikkje kjent, men fleire har snakka om at den kan ha starta av seg sjølv på grunn av varmeutvikling.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

Folk som bur fleire kilometer frå staden, melder om oskenedfall. Bitar av brent papir har falle ned i Spjelkavik, Åse og Hatlane. Lukta frå brannen kan kjennast fleire kilometer unna.

Røykutviklinga på staden har blitt kraftigare, men mykje av dette er vassdamp frå sløkkinga.

– Den siste informasjonen vi har fått er at røyken framleis er giftig, understrekar innsatsleiaren.

Regnar oske

Jonny Støylen ligg forholda til rette for at brannkorpset får kontroll over brannen, men at det er ingen garanti.

– Akkurat no har vi kontroll, men det kan fort snu. Vi veit til dømes lite om innhaldet i fyllinga. I stad oppdaga vi at der blant anna var fyrverkeri, sa han til NRK klokka 15.15.

Ein time tidlegare var brannen ute av kontroll, og ifølgje innsatsleiaren på staden breidde røyken seg i vestleg og nordvestleg retning.

Sindre Molnes

Vara-brannsjef Jonny Støylen seier brannmannskapa har delvis kontroll på brannen, men at det fort kan snu seg.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

Sette inn sivilforsvaret

Brannvesenet fekk melding om brannen klokka 13.18, og var på staden ti minutt seinare med fire brannbilar.

Brannen har spreidd seg, og den giftige røyken gjer at brannvesenet set inn betydelege ressursar.

– Vi kjem no med alt vi har. I tillegg er sivilforsvaret på veg, opplyser brannvakta i 110-sentralen til NRK.no klokka 13.59.

NRK har fått opplyst at det vil kome 16 personar frå sivilforsvaret. Desse vil leggje opp ein slange frå sjøen og opp til brannen fordi det er mangel på vatn på staden.

Ber folk late att vindauga

Brann på Bingsa

Folk vart bedne om å late att vindauga på grunn av all røyken.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

Barnehagen i Olsvika har blitt bedt om å halde barna inne og late att alle vindauge. Det er førebels ikkje snakk om evakuering, men alle i Olsvika vert bedne om å late att vindauge og dører.

– Det brenn ein del plast på søppelfyllinga som kan skape giftig røyk, seier operasjonsleiar Arild Reite til NRK klokka 13.46.

Politiet veit førebels ikkje kva som førte til brannen.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Brann i søppelfylling i Ålesudn» i nytt vindu

Siste video/lyd

Avisene bur seg på nok ei helg der folk ikkje får avisa si.
Tidens Krav i Kristiansund set inn ekstratiltak for å kunne å nå ut til alle med laurdagsavisa.
Arbeidsledigheten blant ingeniørene mer en doblet i Møre og Romsdal på ett år.
Skoleelever slår til med annerledes julekalender. Det handler ikke om å få, men å gi til de som trenger det.