Hopp til innhold

Køyrde nesten 50 mil i narkorus

Ein moldemann er dømd til fengsel etter å ha køyrt bil i narkorus heilt frå Oslo til Romsdal.

Romsdal tingrett

Illustrasjonsfoto: Ein moldemann i 20-åra køyrde nesten 50 mil i narkorus før han blei stoppa av politiet. No har han mista retten til å køyre bil for alltid.

Foto: Øyvind Johan Heggstad

Det var i slutten av oktober i fjor at mannen frå Romsdal hadde vore på fest i Oslo. Der hadde han mellom anna brukt amfetamin, hasj og narkotiske tablettar.

Om morgonen bestemte mannen seg for å sette seg i bilen og køyre heimover. Med seg i bilen hadde han ein passasjer.

Stoppa etter 50 mil

Då mannen stoppa i Nesset kommune for å sleppe av passasjeren, greidde han å sette fast bilen i ein avkøyrsel. Han kom seg laus til slutt, men etter ei kort tid møtte mannen politiet. 20-åringen vart deretter tatt med inn for blodprøvetaking.

Mannen hadde då køyrt nesten 50 mil i narkorus. Blodprøve tatt av politiet ved arrest viste innhald av klonazepam tilsvarande over 1,2 i alkoholpromille.

Svært alvorleg

Mannen erklærte seg straffskuldig då saka kom opp i Romsdal tingrett denne veka.

Retten meiner det er ekstra alvorleg at køyringa skjedde på svært trafikkerte vegar over ei lang vegstrekning og med ein passasjer i bilen.

I tillegg til fengselsstraff i 45 dagar, må han betale 50 000 kroner i bot og mistar retten til å køyre bil for alltid.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL