Køyrde 104 km/t i 70-sone

Utrykkingspolitiet har gjennomført kontroll med laser på Røbekk i Molde. 15 personar fekk forenkla førelegg etter å ha køyrt for fort. Den høgste hastigheita som blei målt var 104 km/t i skilta 70-sone.