Hopp til innhold

Korona gir studentrekord ved høgskular og universitet

Neste studieår vil høgst truleg gå inn i historia som det året med flest studentar ved norske høgskular og universitet. Knut Andreas Vågen (25) er ein av mange som måtte endre plan på grunn av korona.

Knut Andreas Vågen

INNSPURT: Knut Andreas Vågen skal levere masteroppgåve i sommar, men det blir truleg meir studiar frå hausten sjølv om det ikkje var planen i utgangspunktet.

Foto: Andreas Bakke Moan

Ålesundaren sit no med siste innspurt på masteroppgåva i Industriell økonomi og teknologileiing ved NTNU i Trondheim.

Etter fem års studiar var vegen staka ut. Han skulle flytte til Oslo der han hadde fått fast jobb i eit konsulentbyrå frå august.

– Det blei veldig brått endring av planar, slår han fast.

Har søkt på studiar

Koronapandemien har gjort arbeidsmarknaden meir usikker, og i førre veke fekk han beskjed om at jobbstart blir utsett til januar.

Knut Andreas Vågen mistenkte at dette kunne skje alt før fristen for å søke studieplass gjekk ut 15. april.

Difor har han søkt på fleire relevante fag, sjølv om han i utgangspunktet var meir enn klar for å kome seg ut i arbeidslivet etter fem år med studiar.

– Eg vel å sjå positivt på det, og vil bruke tida til å få meir kompetanse før eg skal ut i arbeidslivet, seier han.

Han fortel at det er mange i hans studentmiljø som har fått utsett starten på arbeidslivet.

Knut Andreas Vågen

Knut Andreas Vågen har studert i fem år ved NTNU, og no ser det ut som studietida blir forlenga.

Foto: Andreas Bakke Moan

Den usikre arbeidsmarknaden viser også igjen i søkartala til norske universitet og høgskular denne våren.

Tala frå Samordna opptak viser at 150.784 personar søkte opptak innan fristen. Dette er 12.052 fleire enn i fjor. Desse tala gjeld ikkje etter-/vidareutdanningar og mastergrader. Det kjem i tillegg gjennom lokale opptak.

Regjeringa svarte etter kvart med å gi støtte til å opprette 4000 nye studieplassar.

Hausten 2019 blei det totalt tatt opp 133 951 studentar ved alle norske universitet og høgskular, og sjølv om fasiten ikkje kjem før utpå hausten, trur Kunnskapsdepartementet at det kjem til å bli ny studentrekord denne hausten.

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) er stolt over å tilby så mange studieplassar – trass i at hovudårsaka er ein pandemi.

– Når ei krise som dette treff oss, så er eg glad at svaret er å satse på høgare utdanning, seier han.

Forsknings- og høyere utdanningsminister Henrik Asheim

Henrik Asheim, forskings- og høgare utdanningsminister (H).

Foto: Fredrik Hagen / Fredrik Hagen

Sjukdomsteikn

Men det er altså koronapandemien som er hovudårsaka til studentauken. Dermed er det også eit sjukdomsteikn at folk strøymer til høgare utdanning.

– Det er eit sjukdomsteikn i den forstand at det heng saman med auka arbeidsløyse. Men dette skuldast ein pandemi vi ikkje kan kontrollere, og då er eg veldig glad for at det ser ut til at folk vil bruke tida på å oppdatere seg og skaffe seg meir kunnskap, seier Asheim.

Han meiner norske studiestadar er godt budde på å ta i mot alle dei nye studentane, og at det ikkje var regjeringa åleine som bestemte kor mange nye studieplassar det skulle bli.

– Vi har fått på plass dei 4000 nye plassane i samarbeid med høgskulane og universiteta, så dei skal ha kapasitet til å ta godt imot alle.

Statsråden seier regjeringa har styrt tilleggsplassane for å sikre at dette er utdanningar som samfunnet har nytte av i andre enden. Dei har prioritert helsefag, lærarutdanning og realfag.

Aasheim har to råd til dei som skal studere i haust.

Vi planlegg for at det skal bli ein så normal studiestart som mogleg. Så det første rådet er at studentane må skaffe seg ein stad å bu, og gjere seg klare til eit normalt semester. Det andre er at eg håper studentane tar godt vare på kvarandre. Mange har vore isolerte på hyblane, og det er no på tide å kome tilbake til den sosiale delen av studielivet. Det er veldig viktig, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL