Hopp til innhold

Avlyste friåret i Paris då pandemien kom – sjukepleiestudiet verka viktigare

18 år gamle Louise Knutsen såg dødstala stige på grunn av korona og bestemte seg for å studere med ein gong. Mange har gjort som henne, og søkt «trygge studiar» i år.

Louise Knutsen frå Gjøvik

VIL BIDRA: Louise Knutsen frå Gjøvik vil gjerne skaffe seg sjukepleiarutdanning så ho kan bidra i kriser. No jobbar ho med å lage smittevernutstyr.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Regjeringa har no oppretta 4000 nye studieplassar, etter rekordgode søkartal.

Louise Knutsen (18) frå Gjøvik er blant dei som har lagt nye planar for hausten. Ho skulle til Paris for å vere au pair, lære fransk og ha det gøy.

– Eg føler det er tryggare og meir viktig enn å ta ein sjanse på å reise no, seier ho.

Ønsker ein trygg jobb

Knutsen hadde vurdert sjukepleie for å bli jordmor. Då koronakrisa kom, fekk ho ein ekstra motivasjon.

– Sjukepleie er eit viktig og fint yrke. Vi har sett i koronakrisa at dei har jobb og blir rosa for det dei gjer. Eg får lyst til å delta i det, seier Knutsen.

18-åringen vil ha tryggleik i framtida. Ho såg at sjukepleiarane ikkje vart råka av permisjonar.

– Det er stor skilnad på å skulle bli gründer og sjukepleiar. Du veit du er sikra jobb med sjukepleiestudiet, seier ho.

Louise Knutsen frå Gjøvik

SMITTEVERN: Då skuleåret til Louise Knutsen brått var over i april, skaffa ho seg heller ein jobb med å lage smittevern-visir til helsepersonell. Ho vil bidra i krisa.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Skuleåret på International Baccalaureate (IB) på Gjøvik vidaregåande var over i april, då eksamenane vart avlyste.

Knutsen har difor reist til Bryne i Rogaland for å jobbe med onkelen sin for å ha noko meiningsfylt å gjere.

– Vi 3D-printar smittevernutstyr. Ansiktsvisir som kan brukast i koronakrisa. Eg føler det er nytte for meg her, seier 18-åringen.

– Godt val

12 000 fleire har søkt høgare utdanning no enn i 2019. Sjukepleiarutdanninga har aldri vore meir populært enn i år.

Henrik Asheim (H)

BRA: Utdanningsministeren seier det er eit bra val å ta sjukepleiarutdanning. Ifølge SSB vil det mangle 28 000 sjukepleiarar i 2035.

Foto: NRK

Henrik Asheim (H), som er forskings- og høgare utdanningsminister ser ikkje vekk frå at dei gode tala kjem av koronapandemien. Han trur dei fleste lagt merke til kor viktig sjukepleie er.

– Men sjukepleiarar speler alltid ei sentral rolle i samfunnet. Dersom nokon har søkt seg inn på sjukepleiar- eller lærarstudiet som følge av pandemien, vil eg gratulere dei med ei god avgjerd, seier Asheim.

Lærarane har også fått merksemd under korona. Asheim skulle ønske fleire søkte dette studiet.

– Særleg grunnskulelærarutdanning for dei yngste borna. Og det er framleis mogeleg å omprioritere eller søke ledige plassar som vert lagt ut i juli, seier Asheim.

Hastesøkte på studiar

Utdanningsministeren seier dei enno ikkje veit kven som har søkt studiar frå hausten.

Vårin Sørlie (19) frå Gjøvik trur mange har gjort som henne, og «hastesøkt» studieplass fordi dei andre planane gjekk i vasken.

Ho skulle, i likskap med klassevenninna Louise Knutsen, ta eit år som au pair fordi ho ikkje veit kva ho vil bli. Ho har søkt fleire årsstudium for å ha noko å gå til.

vårin sørlie

USIKKER: Vårin Sørlie veit ikkje kva ho vil, og kjenner seg usikker før hausten. Planane om å reise utanlands gjekk i vasken.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

– Viss eg skulle teke eit friår er det attraktivt å reise litt, men det blir det ikkje noko av, fortel Vårin Sørlie.

Eit år med jobb er ikkje eit veldig aktuelt alternativ, då det er vanskeleg å skaffe seg. 19-åringen har søkt mykje utan hell.

– Det verkar som dei fleste ikkje tilsett no og viss dei gjer det er det ikkje dei på min alder som er prioriterte. Det er kanskje dei som er arbeidslause no på grunn av korona, fortel Vårin Sørlie.

– Sjukepleie er trygt val

Lill Sverresdatter Larsen i Norsk Sykepleierforbund er glad mange vil bli sjukepleiarar no. Og seier det er eit trygt val for framtida.

Lill Sverresdatter Larsen

TRYGT: Lill Sverresdatter Larsen seier dei som blir sjukepleiarar får seg jobb.

Foto: SUNNIVA TONSBERG GASKI / SUNNIVA TONSBERG GASKI

– Per i dag er det ingen sjukepleiarar som utdannar seg til arbeidsløyse. Behovet for sjukepleiarar er aukande, sjølv om det blir utdanna fleire, seier Sverresdatter Larsen.

Ho seier at det er eit tøft yrke med arbeidsmiljøutfordringar og smitterisiko. I tillegg har det vore ei stor problemstilling at mange ikkje får seg fulltidsjobbar. Sverresdatter Larsen fortel at myndigheitene har eit program for å få ned talet på deltidsstillingar.

Dei rundt 4000 nye studieplassane blir fordelt slik:

Medisin, sjukepleie og barnevern

1100 plassar

Grunnskulelærar, PPU og barnehagelærar

550 plassar

Matematisk-naturvitskaplege fag, informatikk og teknologiske fag

1500 plassar

Juridiske og økonomisk-administrative fag

800 plassar

Animasjon, utøvande musikk, film og kunst

20 plassar

Flere saker fra Innlandet