Hopp til innhold

17. mai-feiringa hang i ein tynn tråd – nå stiller folk opp

Det har vore vanskeleg å få til ei 17. mai-feiring i Flekkefjord. Men nå er dagen redda.

17. mai Flekkefjord

17. mai-feiringa i Flekkefjord blir også i år på Tollbodbrygga.

Foto: Lars Eie / NRK

– Det var fleire som melde si interesse etter at vi gjekk ut i media, seier 17. mai-sjef i Flekkefjord Glenn Tønnessen.

Den tradisjonelle feringen hang ei stund i ein tynn tråd. Dermed måtte Tønnessen ut i media og be om hjelp frå frivillige:

Les også – Folk er ikke villige til å redde 17. mai-feiringen

Musikk-korps i Flekkefjord

Nå har ein tremannskomite sydd saman programmet i år.

– Vi har til og med overskot av folk som vil hjelpe. Blant anna stiller 12 personar frå Ukraina opp, seier Tønnessen.

Leder av 17. mai-komiteen i Flekkefjord, Glenn Tønnessen.

Glenn Tønnessen er glad for at det blir full 17. mai-feiring i Flekkefjord i år.

Foto: Privat

Krevjande

Politikarane i Flekkefjord valde å lyse ut ei deltidsstilling i år for å koordinere 17. mai, sidan ingen andre ville jobbe frivillig. Tønnessen tok da jobben.

– Det har vore krevjande dei siste vekene. Men det blir ei fin tradisjonell feiring. Nå har eg kvilepuls, fortel han.

Les også Færre vil ha bursdagene hjemme: – Kan bli et pengesluk

Mor Connie Gulbrandsen

Trur fleire kommunar slit

Tønnessen trur at fleire kommunar har måtta jobbe hardt for å få til ei feiring. Han meiner frivilligheita la seg til andre vanar under pandemien.

– Etter det har det ikkje vore så lett å få ta i frivillig mannskap, opplyser Tønnessen.

Nå har han laga ein mal slik at dei som skal overta til neste år får ei eiga sjekkliste.

Musikk-korps i Flekkefjord

Musikk-korpsa bidrar også i år.

Foto: Lars Eie / NRK

Slik blir programmet på nasjonaldagen i sør:

Fleire kommunar har allereie lagt ut programma for nasjonaldagen.

Dagen startar med salutt i fleire kommunar. Tradisjonen tru blir det barnetog, musikk-korps og talar. Her kan du sjå programmet i nokre kommunar på Agder.

Foreløpige prognosar frå Yr viser at det blir sol eller overskya på Sørlandet 17. mai.

Les også Matsentralen må si nei når hjelpeorganisasjoner tar ferie

Matsentralen

Siste nytt fra NRK Sørlandet

Ekstremværet «Amy»: – Gikk bedre enn fryktet

tekst, tavle

Tiltalt for overgrep og snikfilming av mindreårige

Aline Lima

Fryktar strengare tiltak i barne­vernet: – Vil berre føre til meir kriminalitet

en person som står foran en busk

Julias mor er «Norges farligste kvinne»

null
Spiller nå
6000 uten strøm i Risør 04:01
Neste