Hopp til innhold

Trur på rekordavlingar etter kjempesommar

SURNADAL (NRK.no): Kornbønder i Møre og Romsdal trur på rekordavlingar etter den beste sommaren på mange tiår.

Det fantastiske sommerværet har ført til at kornet har hatt en flott vekstsesong. Nå skal kornet høstes og alt tyder på at det blir en rekordsesong.

Ola Sylte Heggset i kornåkeren i Surnadal. Han haustar kornet rekordtidleg og det går mot rekord når det gjeld mengde og kvalitet.

I heile Surnadalen, frå fjorden til Rindal, står bugnande kornåkrar og berre ventar på å bli hausta. No er bøndene klar med maskinane og alt tyder på at dette blir ein svært god kornhaust.

– Vi har vore heldige. Vi har så å seie berre ståande åker, seier kornbonde Ola Sylte Heggset i Surnadal som aldri før har trøska kornet så tidleg. Og han har vore med på dyrking av korn i over 50 år.

Uvanleg tidleg

På ein vanleg sesong begynner han traskinga først mot slutten av den tredje veka i august, men slik har det ikkje vore i år.

– Eg begynte å trøske korn i 1959, året eg vart konfirmert. Sidan den gong har eg aldri trøska før 7. august, men i sommar begynte eg allereie i juli, fortel den erfarne kornbonden.

Dei siste dagane har det kome noko regn. Men til no har kornet på åkrane klart seg bra.

Kornet hadde kome langt og hadde vakse godt då dei kraftige regnskurane kom. Eg ser ikkje vekk frå at dette blir rekord. Eg har hatt 570 kilo korn pr. mål, og det er slike avlingar dei elles berre har på Austlandet, seier Heggset.

Kornåkre

Så flott står åkrane i Surnadal no.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Første avlingane i hus

Det er tidleg trasking hjå mange. Røv Mølle A/S har fått dei første gode og rike avlingane frå Sunndal, fortel dagleg leiar Line Mogstad.

– Det vart trøska frå den 26. juli. Det var tett, fint korn, seier ho.

På Austlandet har det derimot vore så tørt at det har gått ut over avlingane.

Lina Mogstad

Line Mogstad fortel at Røv Mølle alt har fått inn ein del korn. Men det er framleis mykje att ute på åkrane.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Går mot rekordår

Mogstad seier at det er vanskeleg å garantere for ei rekordavling, men at det er fullt oppnåeleg.

– Vi har fått inn 150 000 tonn og det er mykje att. Det er derfor lov å håpe, for det ser bra ut, seier ho.

No er einaste frykta at kraftige regnskurar skal leggje ned kornet og øydeleggje det før dei har fått hausta inn.

Lars Johan Berset

Lars Johan Berset har maskinen klar. Men han ventar litt med trøskinga på sin eigen gard.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Ventar litt

Også på garden til Lars Johan Berset står maskinane klare til å hente kornet. Men han ventar litt. Nokre trugande skyer på himmelen varslar regn denne augustdagen i Surnadal.

Ja, eg ventar litt. Sjølv om det har vore fint ver er ikkje kornet modent nok enno, seier Berset når han får besøk av NRK.

– Men det ser veldig bra ut?

– Ja, i år ser det bra ut. Eg har trøska til ein nabo, og der vart det fine avlingar. Blir det skikkeleg torever KAN det gå gale, men vi får håpe at vi slepp unna det. Og det er framleis tidleg på året, seier Berset.

Han fortel at det er i slutten av august at det er vanleg å hauste kornet i Surnadal.

Det ER tidleg. Så det er berre å roe seg litt ned, legg han til.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL