Hopp til innhold

– Eg er mentalt utlada, og har ikkje overskot

Orienteringsløpar Olav Lundanes, frå Ålesund, tek konkurransepause på ubestemt tid. Sidan 2010 har Lundanes teke fire individuelle VM- og EM-gull.

Olav Lundanes

Olav Lundanes har vore dominerande på herresida i orientering dei siste åra. No tek han konkurransepause på ubestemt tid. Her frå langdistansen i fjorårets VM, der 25-åringen tok gull.

Foto: SÖREN ANDERSSON / NTB scanpix

25-åringen, som er utøvar i Halde SK og på den norske orienteringslandslaget, har stått over fleire konkurransar i vår. No er konklusjonen at han tek seg ein pause.

Han opplyser i ei pressemelding at han den siste tida har mangla overskot, og at han har innsett at han ikkje kjem tilbake i tide til VM.

– Eg er mentalt utlada, og eg har ikkje overskot til å trene optimalt eller konkurrere. I denne situasjonen innser eg at eg ikkje kan oppnå topprestasjonar i VM, fortel Lundanes.

Han vil no prøve å få tilbake både energi og motivasjon til vidare satsing.

Lundanes med gull

Her er Olav Lundanes med gullmedaljen han tok på langdistansen i Lausanne-VM i fjor. Han vann same distanse under VM på heimebane.

Foto: Andersson, Sören / NTB scanpix

Ni EM- og VM-medaljar sidan 2010

Orienteringsløparen frå Ålesund har vore ein av dei dominante i sporten dei siste åra.

I VM 2010, på heimebane i Trondheim, tok Lundanes sitt første VM-gull i seniorklassen. Heilt sidan 2005 har Lundanes imponert i diverse junior-VM og -EM.

Han tok i tillegg VM-gull i Lausanne i 2012 og imponerte med to gull i EM i falun i fjor.

Lundanes har også tre VM-sølv, éi VM-bronse og éi EM-bronse på samvitet.

– Støttar avgjersla

Dag Kaas, toppidrettsansvarleg i Norges Orienteringsforbund, støttar Lundanes i avgjersla.

– Slik situasjonen er for Olav no, støttar vi avgjersla.

– Det viktigaste no er at han får ro og nødvendig tid til å kome tilbake, og at Orienteringsforbundet og Olympiatoppen gir han den støtta og oppfølginga han ønskjer, seier Kaas.

Olav Lundanes

Lundanes får brei støtte frå Orienteringsforbundet og Olympiatoppen.

Foto: Ivar Haugen / Norges Orienteringsforbund

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL