NRK Meny
Normal

Kongshaug på Venstre-toppen

Stortingsrepresentant Leif Helge Kongshaug frå Averøy er foreslått som toppkandidat på Venstre si stortingsliste i Møre og Romsdal.

Leif Helge Kongshaug(V)
Foto: Trond Vestre / NRK

Det er klart etter at nominasjonskomiteen i Venstre la fram sitt endelege forslag søndag kveld.

26 av dei 28 lokallaga som har deltatt i høyringsrunden har Kongshaug på førsteplass.

Leif Helge Kongshaug var stortingsrepresentant frå 1997 til 2001 og blei attvald på Stortinget i 2005.

Dale på andreplass

Kirsti Dale frå Ålesund er foreslått på andreplass.

Dale representerer Venstre i bystyret i Ålesund og har tidligere representert Venstre i kommunestyret i Ørsta.

Trond Hansen Riise frå Sunndal er foreslått på tredjeplass. Hansen Riise er fylkesleiar i Venstre.

Møre og Romsdal Venstre har nominasjonsmøte 30.januar i Molde.