Hopp til innhold

Kommunane under eit sterkare press

Når Volda-rådmannen ser inn i framtida anar han ei tøffare tid for kommunane.

Rune Sjurgard

Mindre pengar inn i kommunekassa gjer at politikarane må gjere tøffare val, varslar Rune Sjurgard.

Foto: Torger Havåg / NRK

Rune Sjurgard er samtidig leiar for rådmannskollegiet i Møre og Romsdal. Og som rådmenn gjerne er, så er han opptatt av økonomi og korleis den økonomiske framtida ser ut.

– Kommunane må nok berre innstille seg på ein tøffare kvardag. Det kan fort bli ein del politiske val som vil vere kontrovesielle. Då tenkjer eg på kva tenestetilbod kommunane skal greie å oppretthalde og kva dei skal koste.

Bakgrunnen er mellom anna ein ny inntektsmodell som er vedtatt for kommunane og som enkelt sagt inneber at dei får mindre å rutte med. Det kan innebere meir effektivisering og meir sentralisering. Då må kommunane drive smartare og få meir ut av kvar krone, men inneber og at kommunane må gjere tøffe val. Ja til noko er nei til noko anna.

Må vere opne

– Kommunikasjon blir viktig. Ein må vere open på å fortelje innbyggjarane kva konsekvensen blir av dei politiske val ein gjer. Sentralisering blir billegare, men får sine konsekvensar. Desentralisering av ei teneste får andre konsekvensar.

Leiaren av rådmannskollegiet trur det blir berre meir viktig å vere open rundt konsekvensar av vedtak i framtida, fordi det økonomiske spelerommet blir mindre. Dette skjer i ei tid der ein samtidig diskuterer samanslåing eller ikkje. Økonomisk kan det vere lønsamt å seie ja til samanslåing.

– Det blir nok verre og verre for kommunane og få økonomien i hop. Viss konsekvensane blir for store og innbyggjarane merkar det for mykje på tenestetilbodet, blir det kanskje derifrå kravet om samanslåing kan kome.

Ørsta volda

Vil økonomien etter kvart tvinge kommunar som Volda og Ørsta til likevel å slå seg saman?

Foto: Per Ivar Lied.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL