Ei kvinne i 40-åra som stakk mannen fleire gonger i magen sit i varetekt og vert avhøyrt i løpet av dagen.
Mannen ligg på sjukehuset i Molde, og tilstanden hans er stabil. Politiet vil truleg ha ein samtale med han i løpet av dagen.
Knivstikkinga skjedde i eit privat husvære, og det var ingen andre tilstades enn dei to involverte.