Hopp til innhold

Klinge håpar trusselen mot tingrettane er over

Stortingsrepresentant Jenny Klinge håpar at avgjerda om å bevare tingrettane no er endeleg og ikkje berre ei utsetjing.

Montasje søre sunnmøre tingrett og Jenny Klinge

Stortingsrepresentant jenny Klinge håpar regjeringspartia, KrF og Venstre med dette vil vere med å bidra til forutsigbarheit for dei tingrettene som har vore føreslegne nedlagt.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing/Ivar Lid Riise / NRK

Måndag kveld kom nyheita om at Domstolsadministrasjonen sitt arbeid med å redusere talet på tingrettar over heile landet blir stoppa.

Regjeringspartia, saman med KrF og Venstre, gir no beskjed til Domstoladministrasjonen om at det skal vere stopp i nedleggingar og samanslåingar av tingrettar.

Stortingsrepresentant Jenny Klinge har tidlegare reagert på forslaget om å slå saman fleire tingretter, mellom anna Søre Sunnmøre tingrett og Sunnmøre tingrett. No håpar Klinge at trusselen mot tingrettane er over.

– Vi har argumentert mot samanslåingane fordi vi framleis ønskjer å ha velfungerande domstolar spreidd rundt om i landet, skriv ho i ei pressemelding.

– Legge planane i ei skuff

Klinge meiner det er viktig å unngå for store avstandar mellom tingrettane.

Søre sunnmøre tingrett

Søre Sunnmøre tingrett slepp truleg å slå seg saman med Sunnmøre tingrett.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Det er også viktig med forutsigbarheit for framtida for å sikre god rekruttering til alle stillingar, seier Klinge.

Stortingsrepresentanten håpar regjeringspartia, KrF og Venstre med dette vil vere med å bidra til forutsigbarheit for dei tingrettene som har vore føreslegne nedlagt.

– Eg forventar at dette er eit endeleg standpunkt og ikkje berre ei utsetjing slik at tingrettane no kan halde fram med det viktige arbeidet sitt, seier ho.

Klinge meiner at domstolsadministrasjonen no bør få ein klar beskjed om at dei må leggje planane sine om omfattande strukturendringar i ei skuff, for så å låse skuffa og kaste nøkkelen.

– Dei bør heller bruke tid og ressursar på å utvikle domstolane, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL