Dei fire har førebels takka nei til tilbodet, men Kleppe håper dei endrar meining når dei får tenkt seg om.
– Ingenting hadde gledd meg meir enn viss dei no, når dei har fått tenkt seg om, innser nytta av å vere i eit riksdekkande politisk parti som Demokratene, seier Kleppe.
Uklar grunn til utmeldinga
Fire av bystyrerepresentantane i Frp i Ålesund melde seg ut av partiet rett før helga. I dag har det kome ei pressemelding frå dei utan at det har klargjort kvifor dei melder seg ut.
Utbrytarane vil ikkje kommentere saka ytterlegare. Varaordførar i Ålesund, Knut Fylling frå Frp, kallar det ein hån mot veljarane at det enno ikkje har kome ei forklaring på utmeldinga.
Han reknar med det er minsøye med manglande verv i partiet, men synest dette burde vore tatt opp internt i gruppa først.
– Sentralstyrt parti
Vidar Kleppe, som sjølv er utbrytar frå Frp, seier han forstår misnøyen med det han kallar eit sentralstyrt parti.
– Det er ei kjent sak at det er mange som er blitt skuffa etter at dei er blitt valde inn på Framstegspartiet, med at det er ei sentral overstyring, seier Kleppe.
Dei fire utbrytarane i Ålesund skriv i pressemeldinga i dag at dei framleis vil følgje Frp sitt program.
Kleppe trur likevel det blir vanskeleg å hevde seg som uavhengige representantar i bystyret framover fordi erfaring viser at ein går fort i gløymeboka når ein har brote ut.
Hevdar utmeldingar skjer ofte
Kleppe seier det ofte skjer at folk som er valde inn i kommunestyre på Frp si liste melder seg ut etter intern strid. Han seier han sjølv har erfart at alt blir styrt av ein liten, sentral klikk som gir pålegg om korleis ein skal stemme i saker, utan ei god, demokratisk behandling.